Tilskotsmidlar: Innovasjon Norge i Hordaland har 18 millionar kroner øyremerkte til investeringar i fjøs til mjølk og ammeku i 2017.
I Sogn og Fjordane er det sett av 20 millionar kroner til omlegging frå bås til lausdrift for ku, og 6 millionar til storfekjøtsatsing, for
søknadsrunden som går ut i april. Illustrasjonsfotografiet frå Bondevennen sitt arkiv syner eit nytt fjøs for storfekjøtproduksjon i Førde.

Innovasjon Norge i Hordaland har midlar og mål om auka byggeaktivitet for mjølk og storfe, men for få søknadar. I Sogn og Fjordande ligg søknadane i kø.


Sjur Håland


For eitt år sidan var det fullt trøkk hjå sakshandsamarane på Innovasjon Norge sitt fylkeskontor i Hordaland. I januar/februar i fjor låg 40-50 landbruksrelaterte søknadar i kø og venta på å bli handsama. Eitt år etter har det blitt betydeleg rolegare.
– No opplever me ein stagnasjon, og lurer litt på kva som skjer der ute, seier avdelingsleiar Ole-Andreas Smette til Bondevennen.

Kvileskjer

Han trur årsakene til at det ligg færre søknadar til behandling kan vera at bønder med båsfjøs har tatt eit kvileskjer etter at lausdriftskravet vart flytt fram til 2034.
– Dessutan er tilgangen på ledige kvotar i Hordaland redusert, medan kvoteprisane har vore høgare.
Diskusjonen i kjølvatnet av jordbruksmeldinga som vart lagt fram i desember i fjor, kan også ha hatt ein viss negativ effekt. Ei anna årsak er at jordbruksarealet i Hordaland er avgrensa.
– Store utbyggingsprosjekt på mjølk i fylket dei siste åra har lagt band på mykje areal. Då kan det vera vanskeleg for andre å sikra areal nok til å forsvara eit større byggeprosjekt, seier Smette.

Løfta maksbeløpet

Partnarskapen som ønskjer å stimulera enda meir til landbrukssatsinga i Hordaland saman med Innovasjon Norge, er Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Hordaland Bondelag.
– Maksimalt tilskot vart endra betydeleg, frå 1 millionar kroner i 2016 til 1,5 millionar kroner i 2017. Det gir full utteljing for byggeprosjekt til 5 –6 millionar kroner og oppover, seier Ole-Andreas Smette.

Støttar mindre prosjekt

Innovasjon Norge i Hordaland ønskjer også å bidra til å gjera mindre prosjekt lønsame, som til dømes ei ombygging til lausdrift til 25 – 35 årskyr der prislappen ligg ein stad mellom 3 – 4 millionar kroner. Samla har fylket 18 millionar kroner i tilskotsmidlar som er merkte til mjølk- og storfekjøtproduksjon.
– Tidlegare har me ytt 20 prosent i tilskot til desse prosjekta. No aukar me satsen opp mot 30 prosent. Eg vil understreka at me gjerne er med og støttar mindre prosjekt og at Innovasjon Norge i Hordaland rettar merksemda mot ei breiare målgruppe både når det gjeld mjølk og ammeku. Men prosjekta må vera lønsame, understrekar han.

Ole-Andreas Smette

Ola Alne

Vemund Aartun. Foto: Innovasjon Norge

Vil koma søknadar

Ola Alne er prosjektleiar for Storfeprosjektet i Hordaland. Han ser dei same trendane som Ole-Andreas Smette, men trur ikkje investeringslysta har stoppa opp.
– Situasjonen er langt frå svart. Det vert planlagt fjøs rundt om i fylket, og me har ein del på blokka, understrekar han.
I fjor hadde Innovasjon Norge i Hordaland ein søknadsfrist 1. mars, som mange med byggeplanar førehaldt seg til.
– I år er det ingen datofrist i Hordaland, så eg trur det vil koma søknadar meir jamt gjennom året, folk tar seg litt betre tid med planlegginga, og det kan jo vera bra, seier Alne.
Prosjektleiaren held fram at han opplever ei auka interesse for ammeku i fylket, gjerne i kombinasjon med mjølk. Gjennom Storfeprosjektet blir det arrangert ein del informasjonsmøter i fylket, i tillegg bidreg prosjektet med litt rådgjeving til dei som ønskjer det. Alne peikar på at utsetjinga av lausdriftskravet har letta litt på presset, og at bønder i mange høve må bruka litt tid på å sikra turvande mjølkekvote før dei kan senda søknaden til Innovasjon Norge.
– Kvotane har blitt vanskelegare å skaffa, medan prisane har gått opp. Sju kroner literen blir rekna som høg pris i Hordaland, fortel han.

Stor pågang

I Sogn og Fjordane er situasjonen annleis. Vemund Aartun er seniorrådgjevar hjå Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og arbeider med landbruksrelaterte prosjekt.
– Me har hatt ei god utvikling på både mjølk og storfekjøt. Året ser ut til å bli like godt som i fjor, med stor pågang av bønder som vil bygga nytt eller bygga om, seier han.
Aartun erfarer at ulike mobiliseringsprosjekt dei siste åra gir positive utslag.
– Så blir bøndene påverka i positiv leid når dei ser byggeaktivitet og optimisme hjå naboane.
I 2016 var det 13 løyvingar på til saman drygt 20 millionar kroner til lausdriftsfjøs i vestlandsfylket. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har tak på enkeltløyvingane på to millionar kroner. Utløyser ikkje søknaden maksbeløpet, er tilskottsatsen 30 prosent for prosjekt til ombygging eller nybygging frå bås til lausdrift for mjølkeku. I denne omgangen (februar til april 2017) er det sett av 20 millionar kroner til mjølkeproduksjon og 6 millionar til storfekjøtproduksjon.
– Fleire søknadar er på veg inn. Akkurat no har me 10 søknadar relatert til mjølkeproduksjon liggande til handsaming, me har rett og slett kø, fortel Aartun.

Dyre kvotar

Stor pågang og moglegheit for påfyll i tilskotskassen gjer at det truleg blir ein ny omgang med løyvingar i Sogn og Fjordane til hausten. Ressursgrunnlaget på garden og lønsemda er stikkord når søknadane skal vurderast. Tilgangen på mjølkekvotar i fylket er vanskeleg, slik det også er i nabofylket i sør.
– Opp mot 12 kroner literen her i Sogn og Fjordane vitnar om prispress og stor interesse, men dessverre blir det gjerne veldig dyre prosjekt med så høge prisar, seier seniorrådgjevaren.

Stikkord denne saka: , , , ,