Rett input gir rett output: Kvaliteten på det du tar ut vert aldri betre enn kvaliteten på det du puttar inn i eit system. Difor er det heilt avgjerande med fullstendig informasjon om dyret for å få rett klassifisering.

Etter innføring av nytt klassifiseringssystem på storfe, er det viktigare enn nokon gong med oppdatert og rett informasjon i husdyrregisteret. Informasjonen påverkar slakteoppgjeret.

Liv Kristin Sola

Frå og med januar i år vart det innført eit nytt system for klassifisering av storfeslakt. Systemet skal gi ei meir korrekt vurdering av kvaliteten på slaktet og vere meir rettferdig for produsentane.

Litt for sløve

Bondevennen er kjent med at somme bønder er skeptiske til endringa etter å ha fått avvikande slakteoppgjer for oksane sine.
Halvor Mikalsen, klassifiseringskonsulent i Animalia, forstår frustrasjonen og trur bøndene er for dårleg informert. Han meiner bransjen møter seg sjølv i døra når dei innfører eit klassifiseringssystem som ikkje godtek feil og manglar, utan å gjere jobben med god nok informasjon til bonden i forkant. Han undrar seg ikkje over at det er uro.

– Mangel på informasjon og kunnskap skapar usikkerheit og kritikk. Det er logisk, seier Mikalsen til Bondevennen.

Etter ein runde med informasjonsmøte over heile landet, håper Mikalsen at både bønder og rådgivarar no er betre informert.

Halvor Mikalsen
Foto: Animalia

– For å få rett klassifisering er systemet heilt avhengig av at dyret har rett fødselsdato og fullstendig og rett informasjon om rasesamansetting, seier Mikalsen.

Det er framleis fullt mogleg å registrere eit dyr utan informasjon om slektskap. Samstundes er det i utgangspunktet ikkje lov å slakte dyr som har mangelfull individinformasjon.

Ukjent rase gir dårlegare klasse

Informasjon om rase går attende til dyret sine 16 oldeforeldre. Kjøtfe med ukjent far vil ha 50 prosent ukjent slektskap. Dyret blir klassifisert i gruppe to, som er mjølkerasar og gir dårlegare poeng. Det gir utslag på slakteoppgjeret.

– Mange er ikkje klar over at registera deira er mangelfulle. Dei har ein ryddejobb framføre seg, og jobben må gjerast før slaktebilen kjem til gards, seier Mikalsen.

Han minner om at grovarbeidet ligg hjå bonden sjølv, men også slakteria bruker betydelege ressursar på å rette feil og manglar i registera. Han har merka seg at fleire små slakteri, som ikkje har ressursar til å følgje opp mangelfull registrering, har teke i bruk skannarar og nektar å ta dyr på bilen om dei ikkje har fullstendig registrering.

Still krav når du kjøper kalv

Lengdemåling er ofte trekt fram som ein viktig faktor i klassifiseringa, men er ifølgje Mikalsen, berre ein av mange viktige faktorar for å vurdere kvaliteten på skrotten. Han minner spesielt om rase og tilvekst som viktige faktorar.

– Det er ein samanheng mellom tilvekst og klasse. Tilvekst vert rekna heilt frå dagen dyret er født, og påverkar klassifiseringa, forklarer Mikalsen.

Bønder som kjøper fôringsdyr gjer lurt i å vere kritiske til kvaliteten på kalvane dei kjøper. Kalvar på tre månadar kan variere svært mykje i vekt.

– Ein kalv som har hatt svak tilvekst og er dårleg kjøtsett, vil avleire feitt før den når O+. Du startar med eit handikap og har eit svært dårleg utgangspunkt for å få god klasse på dette dyret.

Mikalsen oppmodar difor bønder som kjøper inn fôringsdyr om å stille krav til kvaliteten på kalvane dei kjøper, og i tillegg sikre at dyra har fullstendig og korrekt informasjon om rase og fødselsdato.

– Det er heilt avgjerande for god klassifisering, seier Mikalsen.

God drift skal løne seg

Når ryddejobben er gjort, meiner Mikalsen at systemet vil vere til bonden sin fordel. Han viser til at gjennomsnittsklassen på gjennomsnittsdyret aldri har vore så høg som den er no, etter fire månadars erfaring med det nye klassifiseringssystemet.

– Mi klare meining er at når all informasjon er på plass, er dette systemet betre enn det eit menneske klarer å vurdere, seier Mikalsen.

Han er nøgd med at god drift og god tilvekst på dyra, vil betale seg i form av god klassifisering.

– Rett klasse, skal etter mitt syn, spegle verdien av det du som bonde har putta inn i dyret. Det du investerer i dyret skal bransjen betale deg attende i slakteoppgjeret, seier Mikalsen.

Med utgangspunkt i dei mange faktorane som ligg til grunn for klassifiseringa, trur Mikalsen det på sikt kan nyttast i rådgivingssamanheng for å optimalisere drifta og slaktetidspunktet.

Nok storfekjøt

Nortura melder om god tilgang av storfeslakt etter påske og reknar med å dekke marknadsbehovet og tømme fryselageret av storfekjøt innan august.

– Det er gledeleg at bøndene følgjer prisløypa og melder dyr til slakt i perioden kor me har høgast etterspurnad, seier Asgeir Svendsen, fagsjef storfe i Nortura.

Tørken i fjor sommar ser ikkje ut til å påverke tilgangen til slakt no i høgsesongen, men Svendsen har merka seg at slaktemønsteret så langt i år er noko annleis etter at det vart slakta fleire kalvar og lette oksar i fjor.

– Året sett under eitt får me truleg nokre hundre tonn færre slakt i år enn me hadde fått etter ein normal sommar, men bøndene har tilpassa seg slik at dei kan levere slakt til høg pris no i sesongen, seier Svendsen nøgd.

Nærmar seg marknadsbalanse

Tollsatsane er sett opp og prisane for storfeslakt er på topp frå veke 18. Svendsen reknar med at reguleringslageret vil bli tømt før hausten. Prognosen som kom 2. mai viser eit venta underskot av storfekjøt på 3200 tonn i 2019. Salet er noko høgare enn venta, men Svendsen trur marknaden er svært nær balanse.

Asgeir Svendsen, Nortura

– Det lovar godt for storfe framover, men no må me unngå overproduksjon. Det er krevjande både for økonomien og omdømmet til næringa, seier Svendsen.

Tenk smart og auk innteninga

Bengt Egil Elve, fagsjef storfe Nortura vest, oppmodar storfeprodusentar om å planlegge produksjonen for å få best mogleg økonomi i drifta.

– Våren er høgsesong for sal av storfekjøt. Med balanse for storfekjøt, er det viktigare enn nokon gong å tilpasse seg marknaden. Har me ikkje ferskt kjøt når kunden spør etter det, aukar importen og me risikerer å bygge lager, seier Elve.

Planlegg produksjonen

Elve trur fleire produsentar kan vurdere å framskynde kalvinga til januar og februar.

– Kalvar som er født tidleg vert meir robuste og utnyttar beite betre enn yngre kalvar. Med avvenning kring juli august, kan kyrne nytte skrinnare beite eller utmark utover hausten. Og du får fine slakt i april og mai året etter, seier Elve.

Han minner om at sein kalving set høgare krav til beitekvalitet og vil ofte krevje støttefôring med kraftfôr for å få god tilvekst på kalvane. I tillegg er oksane slaktemodne på ei tid kor etterspurnaden er mindre og prisane lågare enn om våren.

– Rett volum til rett tid og rett kvalitet er viktig for å få best pris og mest mogleg norsk produksjon, seier Elve.

Stikkord denne saka: , , , ,