Søker fleire vertsfamiliar: Fleire av dei danske elevane står framleis utan tilbod om praksisplass og vertsfamilie, tar du utfordringa? Foto: Delsted Production.

 

Ni danske landbrukselevar søker praksis i Rogaland

I Bondevennen nummer 19, skreiv me om danske landbrukselevar frå Nordjyllands Landbrugsskole som søker praksisplass på gardsbruk i Rogaland.

Kjell Øystein Håkonsen ved Øksnevad vgs., oppmodar dei som kan tenke seg å bli kjent med landbruksinteressert dansk ungdom til å ta utfordringa og invitere ein dansk ungdom, eller to, til gards.

– Me er godt på veg, og har fått vertsfamiliar både frå nordfylket og på Jæren, men me treng nokre fleire praksisplassar. For dei som har plass, kan de gjerne invitere to elevar, seier Håkonsen.

Han håper å finne ein plass til alle som ønsker seg til Norge, og minner om at elevane som kjem er motivert og har arbeidserfaring, slik at dei kan ta eit tak og vere til hjelp på garden.

Alt av interesse

Elevane har ingen spesielle krav eller ønsker for kva type gardsbruk dei vil arbeide på. For ein dansk ungdom kan det vere eksotisk å få innblikk i eit mindre gardsbruk og/eller ein spesiell produksjon.

Fire jenter og fem gutar på rundt 16 år ønsker praksis i Rogaland. Elevane kjem i veke 39 og 40 (23. september til 4. oktober). Dei skal bu og ete i lag med bonden/familien og delta i dei ulike arbeidsoppgåvene og aktivitetane som skjer på garden medan dei er her. Elevane skal ha eige rom og tilgang til bad. Dei er dekka av privat forsikring.

Rune Haaland, rektor ved Øksnevad vgs, minner om at dette er eit fint høve til å få eit innblikk i dansk landbruk og kan hende knytte kontakt med ein dansk familie.

Er du interessert og har spørsmål? Ta kontakt med Kjell Øystein Håkonsen for ein uforpliktane prat. Han kan  svare på spørsmål kring utvekslinga.

 

Øksnevad vgs på nett: www.oksnevad.vgs.no / Nordjyllands Landbrugsskole på nett: www.njylls.dk

 

Stikkord denne saka: , , , , ,