Nyttig starthjelp: Runar Naterstad (t.h.) valde økonomi som overordna tema då han søkte NLR si mentorordning. I snart eitt år har han hatt Elling Johan Stangeland som mentor og diskusjonspartnar. – Ordninga er for god til ikkje å bli brukt – og den er gratis, seier han.

Runar Naterstad bad om ein talkyndig person då han melde seg på NLR si mentorordning. – Eg har ikkje råd til å kome skeivt ut, seier den ferske bonden.

Liv Kristin Sola

Runar Naterstad og Elling Johan Stangeland sit på fjøskontoret hjå Runar. Dette året har Elling vore Runar sin mentor.

– Eg tek ikkje sjansen på at eg om fem år skal sjå meg attende og vete at eg kunne tent meir med mindre innsats om eg berre hadde visst, seier han.

Frå tømrar til bonde

Runar flytta til Jæren for å bli tømrar då han var sytten. Etter eitt år i yrket, dukka det opp ei annonse frå ein bonde på Undheim på Høg-Jæren. Han søkte hjelp til fjøs og gardsarbeid. Runar kunne ikkje la vere å søke. Han vaks opp på eit mjølkebruk i Rosendal i Kvinnherad, og har alltid vore interessert i mjølk og gardsarbeid. 

Runar fekk jobben. Han tok vinterlandbruksskulen og leika etter kvart med tanken om å kjøpe gard. Det er ikkje gjort i ein fart.  Dessutan var det sutlaust å vere tilsett med fast løn og utan meir ansvar enn å gjere ein god jobb.

Ei tillitserklæring

Garden der Runar jobbar ligg tett på to andre bruk. Då er det ikkje til å unngå at dei vert kjende på tvers av steingardane.

– Folk visste jo at eg var på leit, og ein dag tok naboen kontakt og baud meg å kjøpe garden hans, seier Runar.

Det var i fjor. Garden var i god stand, med 214 dekar dyrka jord i god hevd og 130 dekar gjødsla kulturbeite. Ein fin buskap, mjølkerobot og 160 tonn i eigen kvote. I tillegg sikra Runar seg like mykje leigekvote til ein overkommeleg pris. Men i banken fekk han beskjed om å skaffe meir kvote. Med kort frist måtte bonden akseptere å betale i øvste enden av prisskalaen for nye 160 tonn.

– Eg hadde valet om å leige kvoten, eller tape garden, seier Runar.

Kjøpet gjekk i orden og 1. oktober i fjor vart Runar ekte bonde. Det kjennest godt.

– Eg vil heller angre på noko eg har gjort enn å angre resten av livet på at eg ikkje gjorde det, seier han.

Økonomisk styring: – Som bonde og sjølvstendig næringsdrivande er det viktig å forstå sine eigne tal og rekneskap og følgje driftsplanen. Går det betre enn planen tilseier, få ned gjelda, ikkje minst dei første åra når gjelda er høg, seier Elling. Han understrekar at det er viktig å forstår kor ein må bruke pengar for å tene pengar, og kor ein bør spare. 

Bunden, men fri

Å drive fram sitt eige bruk, trumfa tryggleiken i å vere lønsmottakar. For det er noko med å eige og vere sin eigen sjef.
Elling smilar. Han kjenner seg att.

– Du er bunden, men fri, seier han. 

Elling overtok heimegarden på Heigre i Sandnes som tjueåring. No har han akkurat runda femti og gitt garden frå seg til neste generasjon.

– Motivasjonen var ikkje lenger den same. Du må vere inspirert for å drive godt. Eg ønska nye utfordringar – og meir fritid, seier Elling.

I ti år dreiv han med mjølk og gris, før han gjekk i samdrift med mjølka og satsa for fullt med kombinertproduksjon på gris. I samdrifta hadde han mykje av jord-, maskin- og papirarbeidet.

Betal ned gjeld med god drift

Elling er agronom og har fagbrev som landbruksmekanikar. Han har ført sitt eige rekneskap og kursa seg i «alt» av økonomi og driftsleiing.

– Som bonde og sjølvstendig næringsdrivande er det viktig å forstå sine eigne tal og rekneskap og følgje driftsplanen. Går det betre enn planen tilseier, få ned gjelda, ikkje minst dei første åra når gjelda er høg, seier Elling.

At mentor er svinebonde er uviktig. Det er ikkje dei faglege råda Runar er ute etter i denne omgang. Han kan spørje andre til råds om drifta; om kalvestell, om fôring og grasdyrking. Men økonomi er meir krevjande å snakke ope om.
Elling minner om at god drift og godt vedlikehald er viktig for økonomien, uavhengig av produksjon.

– For ein som er ny i næringa er det viktig å kunne vurdere kor ein må bruke pengar for å tene pengar, og kor ein bør spare, seier han.

Eg vil heller angre på noko eg har gjort
enn å angre heile livet på at eg ikkje
gjorde det

Runar Naterstad

Tema for samlingane

Med eigen gard og arbeid på nabogarden blir det knallhard prioritering av tid. 

– Når dei praktiske oppgåvene står i kø, blir det til at eg betaler rekningane og gjer det nødvendigaste papirarbeidet. Ikkje meir, seier Runar.

Slik sett er mentorbesøka gull verd.
– Eg blir «tvinga» til å sette meg ned å sjå på tala slik at eg får mest mogleg ut av Elling når han kjem, seier Runar.

Når eitt besøk står att har dei vore innom følgjande tema:
1. Rekneskap, forståing og økonomi, avskriving og utgiftsføring.
2. Årsoppgjer.
3. Gras, avling, engfornying, ugras, beite og grøfting.
4. Rekneskapen frå januar til august.

– Enn så lenge har me lite tal å gå etter. Slik sett er det nok eitt år for tidleg, seier Elling.

Runar ser poenget, men understrekar at for han var det svært viktig å få hjelp og korrigering tidleg.

– Eg treng ein som kan følgje meg opp slik at eg får ein god start, seier  han.

Overordna val og strategiar får økonomiske konsekvensar. Men også dei små vala og beslutningane som bonden står i kvar einaste dag, er viktige.

– Ein må ikkje vere så redd for å gjere feil, men heller vurdere i ettertid om det ein gjorde var eit godt val, eller om det må gjerast annleis neste gong, seier Runar.

Det kjennest godt å bruke kunnskap
og erfaring til å hjelpe andre.

Elling Johan Stangeland

Det viktige grovfôret: Jorda på garden er halde i god hevd og Runar og Elling har rekna på avling, kostnad og kvaliteten på grovfôret.  Mykje tydar på at finsnitting hadde vore rimelegare enn rundballar, men det krev investeringar i fjøset. 

Litt lysare

Runar og kona, Linn Marita, har tre barn på 0, 2 og 4 år. Runar er framleis tilsett på nabogarden fire dagar i veka. Han veit at det vert nokre tøffe år. Alt han tener på garden går til å betale for drifta og lånet.

– Det går eit viktig skilje mellom driftsutgifter og private utgifter. Pengar du bruker privat må du tene før du bruker dei. På garden må du passe på å utgiftsføre alle beløp, også dei små. Det betyr mykje i lengda, seier Elling.

Runar innrømmer at han ser lysare på situasjonen i år enn i fjor på denne tida, då kvotane var på veg ned og omsettingsavgifta på veg opp.

– Då kjende eg på presset, seier han.

Ga meirsmak

No skal Runar prøve å finne ut kva som er optimal kvote og produksjon, gitt dei innsatsfaktorane han har, med jord, kvote, fjøs og arbeidsinnsats. Å legge om frå NRF til jersey er ein del av planen.

– Slik kan eg fylle fjøset, men leige mindre kvote og produsere meir tørrstoff, seier bonden.

Elling råder til ikkje å overinvestere i maskinar, men halde trykk på fjøset og grovfôrproduksjonen.

– Det er der du tener pengane, seier mentoren.

Oppgåva som mentor har gitt meirsmak for Elling. Som mentor har han funne att litt av det engasjementet og inspirasjonen han ikkje lenger fann i gardsdrifta.

– Det kjennest godt å bruke kunnskap og erfaring til å hjelpe andre, seier han. 

Frå NRF til jersey: – Ved å legge om til jersey kan eg ha fullt fjøs og produsere meir tørrstoff, men leige mindre kvote, seier Runar (over).

Oversikt: God oversikt er viktig for god drift, som er grunnleggjande for god økonomi (t.h.).

Stikkord denne saka: , , , ,