Éin sjanse til

Éin sjanse til

Norsk Bonde- og Småbrukarlag ønskjer omkamp om lausdriftskravet. Kravet bør berre gjelda nybygg, meiner dei, og det må ta den tida det treng å legga om. NBS vil auka lønsemda for mindre bruk og sikra investeringsmidlar slik at dei kan investera, utan å måtta utvida produksjonen.

Aurhelle som sperrelag

Aurhelle som sperrelag

Aurhelle i jord er tette lag som skuldast nedvasking og samankitting av løyste sambindingar. Aurhelle reduserer infiltrasjonen av sigevatn, og kan føra til dårleg drenering sjølv på grovkorna jord. Kalking og høgare pH nedover i jordprofilet kan seinka utvikling av aurhelle.