Stort potensial med smått storfe

Stort potensial med smått storfe

Då NRF-rasen for alvor vart introdusert kring 1960, rista det etablerte landbruket i sine grunnvollar. Debatten kring den nye rasen fekk det til å koka under hattar og huver hjå sjølv dei mest sindige og fornuftige husdyrbøndene.

Avlsbesetning i vekst

Avlsbesetning i vekst

Ingenting blir gjort på slump hjå Torleif Susort, heller ikkje tidspunktet for når dei første dyra skulle flyttast inn i det nye fjøset; 12.12 klokka 12 skulle det skje.

Storproduksjon i lita bygd

Storproduksjon i lita bygd

Soga om høna og egget på Litla-Undheim starta i 1948. Etter store inve­steringar produserer Børge Undheim AS no verpehøns for millionar årleg.

Bondevennen 3 – 20. januar

Bondevennen 3 – 20. januar

Bondevennen 3

20. januar

I Bondevennen denne veka tar me ein prat med Jon Leif Eikaas, svineprodusent i Søgne, nav-besetning i Sommerveien Purkering, og tidlegare leiar av Norsvin Agder. Kunnskap, interesse og ein god plan er grunnlaget for god drift hjå Arve Kjell Sunde og Tone Bjelland Sunde, i Dvergsdalen, på Skei i Jølster, Sogn og Fjordane. Dei driv med både sau og mjølk. Kvart år, andre helga i januar, blir Sørlandssamlinga sparka i gang, og 2017 var ikkje eit unntak. Me var med, og me serverer deg ein smakebit frå samlinga. – Aukande optimisme i melkeproduksjonen er det me tek med oss frå 2016, seier Askild Eggebø, styremedlem i Tine SA, til Bondevennen. Les meir om tankane kring året som er gått og året me er begynt på. Vekas fagartikkel handlar om eggkontrollen, som er eit godt styringsverktøy for eggprodusentar.

Kulturlandskapsprisen Vest-Agder

Kulturlandskapsprisen Vest-Agder

Wenche og Terje Mølland, Øvrebø i Vennesla kommune, ble tildelt Kulturlandskapsprisen Vest-Agder 2016 under festmiddagen på Sørlandssamlinga.

Meir enn mjølk og brød

Meir enn mjølk og brød

2016 vart eit usedvanleg dramatisk år. 2017 kjem til oss gjennom ruinane av Aleppo, redsla etter terroråtak i Tyrkia og over eit Europa i villreie. Snart blir Donald president i USA og verda kjennest ny, på ugreitt vis.