BN+

Stor skade: Figur 1 Den store leverikten i lever hjå hjortekolle skote 11.11.2020 i område kor eine produsenten i prosjektet held til.


Leverikte kan vere ei plage for fe og folk. Her får du nyttige råd om korleis du tar tak i problemet.


Karianna Laugaland, Tor Olav Blekenberg og Julie Nedrebø Johannessen


Fasciola hepatica, òg kalla den store leverikten, er ein kjent parasitt i norske sauehald. Parasitten er eit problem særleg langs kysten av Sør-Noreg, og er mest aktuelt hjå sau og storfe om hausten. Den store leverikten forårsakar sjukdomen fasciolose. Fasciolose kan gi ulike sjukdomstilstandar, alt frå akutt anemi (blodmangel) og død, til ein meir kronisk variant kor vi blant anna ser redusert tilvekst hjå ungdyr, avmagring hjå vaksne, og auka fare for mastitt (jurbetennelse) og reduserte lammetal.
Leverikteinfeksjon kan altså ha stor innverknad på både dyrevelferda og produksjonsresultata i eit dyrehald. Forståing for parasittens livssyklus er viktig, då tidspunkt for infeksjon kan påverke korleis vi førebyggjer og behandlar mot parasitten. Kunnskap om dette er difor svært nyttig for næringa for å kunne avgrense tap av tilvekst og påkjenning for dyra. Dette er viktig både med tanke på dyrevelferd og økonomi.
Den store leverikten er avhengig av ein damsnigel som mellomvert¹ for å kunne fullføre livssyklusen sin på beite, før den smittar eit dyr. Damsnigelen er igjen avhengig av fuktige beiter og varmt vêr for å kunne overleve. Dette er hovudårsaka til at den store leverikten særleg kan vera eit problem på Sør-Vestlandet, kor klima er mildt og vått og då favoriserer parasitten si utvikling. Parasitten er rapportert langs heile kysten opp til Lofoten. Tidlegare har ein meint at ein ikkje finn den store leverikten nord for Lofoten og i innlandet, då det kalde klimaet ikkje gjer det mogleg for parasitten å utvikle seg der. Men, grunna global oppvarming som gjer klimaet mildare og våtare, har ein sett ein auke i tilfelle av fasciolose internasjonalt, òg på stader vi ikkje har sett leveriktar før. Vi kan difor rekne med at det blir eit aukande problem òg i Noreg i tida framover.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,