BN+

Ekstra rom: Birom trukket ut på langsida av bygget. Taket frå fjøset kan leggast med same takvinkel over biromsavdelinga, eventuelt med ein slakare vinkel over birom. Foto: Torfinn Nærland


Mjølkerobotfjøs må kunne utviklast, med plass til meir husdyrareal bak roboten. Biromsavdelinga må ikkje stenge for utviklinga. Sinkyr bak roboten gir minst arbeid, gode forhold for sinkua og enkel logistikk.


Torfinn Nærland, bygningsrådgjevar, Tine Rådgiving Jæren og Agder
Kay Arne Aarset, privatpraktiserande veterinær



Lausdriftsfjøs til mjølkeku har endra seg mykje frå 1990-talet til i dag. Vidare har mjølkeroboten endra driftsopplegget i fjøset radikalt sidan den kom. I tillegg til å stå for sjølve mjølkinga, er den eit reiskap til å handtere kuflokken på ein heilt annan måte enn før. Og den gjev oss mykje kunnskap om både enkeltkua og flokken. Dette gjev oss moglegheit til å styre buskapen og utvikle drifta på spanande sett. Og utviklinga stoppar ikkje nå.

Framtidsretta og fleksibelt?

Men kva så med måten me utformar sjølve fjøset på? Tenker me framtidsretta og fleksibelt nok? Vil våre lausdriftsfjøs kunne nytte roboten og nye driftsopplegg på ein god måte – òg om 10-15 år? Når det blir bygd nytt, tenkjer enkelte «Eg skal ikkje bli stor, det er ikkje jord eller kvote til det». Me erfarer likevel at dei som byggjer nytt kufjøs, ofte kjem til å ha behov for å byggje på eller å endre fjøset innafor 8-15 år. Ved den tid har ein som regel brukt opp den ledige kapasiteten i fjøset som vart lagt inn på byggetidspunktet.
Det er særleg to moment me ser i nokre fjøsløysingar i dag som kan hindre ei framtidig utvikling av fjøset: 1) mangel på areal bak robot til ulike dyregrupper, og 2) plassering av biromsavdelinga.

Roboten kryp innover i fjøset

Mjølkeroboten har over tid blitt plassert lenger og lenger inn i husdyrrommet. Det er naturleg å plassere dyr som me skal fylgje godt opp i det området me oppheld oss mest, altså i tilknyting til roboten. Difor har me i mange fjøs bak roboten fått både velferdsavdeling, gode kalvings- og sjukebingar, samt sinkuavdeling.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , , , ,
Share This