bv12_fag

Det er store variasjonar i byggekostnader for nye lausdriftfjøs ut frå standard, innreiing, tekniske løysingar og geografisk plassering i Noreg. Torfinn Nærland kalkulerer at det vil koste ca 1,5 – 2,6 milliardar kroner å bygge om lag 16.400 kubåsplasser som lausdriftfjøs i Rogaland fram til 2024.


I dag er 50 prosent av mjølkevolumet i Rogaland frå lausdriftfjøs. For å møte kravet om oppstalling av kyr i lausdriftfjøs er det behov for å bygge 40 fjøs per år, dei neste 9 åra.

Torfinn Nærland
Fagrådgjevar økonomi og bedriftsutvikling
TINE Rådgiving

Basert på registreringar i Kukontrollen for kvart fjøs, veit vi kor mange fjøs som er bås- eller lausdriftsfjøs, og vi kjenner fordelinga av liter mjølk mellom dei to fjøstypane. I 2014 var det 995 båsfjøs og 377 lausdriftsfjøs i Rogaland som leverte mjølk. Det vart levert 146,5 millionar liter mjølk frå båsfjøs og 138,8 millionar liter frå lausdriftsfjøs. Det vil seie at om lag halvparten av mjølka vert produsert i lausdriftsfjøs. Jæren har dessutan ein betydeleg større del mjølk i lausdrift enn dei andre tre regionane. (Tabell 1)

Bv12.indd

Lausdriftsfjøs 2,5 gonger større volum

Tala viser at lausdriftsfjøs i snitt leverer 2,5 gonger meir mjølk enn båsfjøsa. Lausdriftsfjøsa er bygd i nyare tid, og det vart då bygd større fjøs enn då båsfjøsa vart sette opp. Vi har ikkje opplysningar om tal mjølkekyr per fjøs. Men dersom vi legg til grunn at gjennomsnittleg mjølkeleveranse per årsku i 2014 var 6.869 liter i Noreg, får vi eit tilnærma bilete av tal årskyr per lausdriftsfjøs. (Tabell 2)

Bv12.indd

Må bygge 16.400 kubåsplasser

Kor mange nye kubåsplasser vil det så vera behov for å byggje fram til 2024? Både den enkelte gardbrukar sine val og eksterne faktorar vil spela inn. Vi har føresett at mjølkevolumet i Rogaland vert på om lag same nivå i 2024 som i dag. Det er altså ikkje teke omsyn til endringar knyta til forventa befolkningsvekst i Noreg på 20 prosent fram mot 2034. Heller ikkje eventuelt bortfall av mjølkevolum til eksport av ost, endringar i import av mjølkeprodukt, eller andre nasjonale og internasjonale forhold.
Båsfjøsa leverte altså 146,5 millionar liter mjølk i 2014. Mange av dagens lausdriftsfjøs har kapasitet til å auke sin mjølkeproduksjon noko, kanskje 15-20 prosent. Vi har lagt til grunn ein snitt auke på 17 prosent i løpet av dei neste 9 åra. Dette utgjer om lag 23,6 millionar liter. Dermed står det att om lag 122,9 millionar liter som må leggast om til lausdrift.
Mjølkeleveransen i 2014 var altså 6.869 liter per årsku. Vi forventar at leveransen vert auka til 7.500 liter i 2024. Dette er basert på erfaringar med betre utnytting av kraftfôr ved tildeling i kraftfôrautomat, stor andel mjølkerobot i nye lausdriftsfjøs som gjev høgare mjølkefrekvens, endra fôrregime og avlsframgang.
Ut frå resterande mjølkevolum i båsfjøs blir det dermed behov for å bygge om lag 16.400 nye kubåsplasser i lausdrift i Rogaland for å oppfylle lausdriftskravet.

Behovet størst utanom Jæren

Kor stort fjøs den enkelte mjølkeprodusent vil bygge avheng av mange faktorar. Tilgang til grovfôr- og spreieareal innafor rimelege transportavstandar er ofte avgjerande. Dei regionale forskjellane i tal kyr per lausdriftsfjøs vist i tabell 2 er eit uttrykk for dette. Eventuell ombygging av båsfjøs til lausdriftsfjøs («folkefjøs») spelar også inn på kor stort fjøs som vert bygd. Vi har sett på behovet for tal båsplasser, uavhengig av om det er «folkefjøs» eller nye fjøs. Vi føreset at kvar region vil behalde same mjølkevolum som i dag.
Mest truleg vil også framtidige fjøsutbyggingar vera forskjellig i storleik på Jæren og dei tre andre regionane ut frå arealtilgang og transportavstandar. Basert på desse betraktningane vil vi kunne få eit bilete på tal fjøs av ulik storleik i dei ulike regionane som vist i tabell 3. Fargelagte ruter viser mest truleg storleiksinndeling per fjøs. Dette utgjer ca 350 nye fjøs eller om lag 40 nye fjøs per år i storleiken 40-60 kyr fram til 2024. Dei fleste nye fjøs er i dag med mjølkerobot. På grunn av roboten sin kapasitet på 55-65 kyr, vil det ofte skje eit sprang i storleik frå ca 60-70 kyr til 110-120 kyr dersom ein går for to robotar. Tilgang på areal vil difor ofte avgrense satsinga på den største fjøsstorleiken. (Tabell 3)

Mjolkeleveransar

Dei fargelagte rutene i tabell 3 viser den mest sannsynlege inndelinga av kor mange fjøs det må byggast av ulike storleikar per region i fylket. Til dømes vil Dalane truleg bygge fjøs i storleiken 40-50 kyr, og har då behov for 48-39 fjøs for å få nok båsplasser til lausdrift.

Prislappen er 1,5 – 2,6 milliardar kroner

Det er store variasjonar i byggekostnader for nye lausdriftsfjøs ut frå standard, innreiing, tekniske løysingar og geografisk plassering i Noreg. Ei arbeidsgruppe for lausdriftskravet utpeika av Landbruks- og matdepartementet opererte i 2008 med ein kostnad per kubåsplass frå kroner 127.000-190.000, med høgast kostnad for 30 kyr og lågast for 90 kyr. Dette utan gjødsel- og grovfôrlager.
Rogaland er blant dei rimelegaste stadene i Noreg å bygge nytt fjøs, blant anna på grunn av spesialiserte fjøsentreprenørar og fleire aktørar i marknaden, som bidreg til sterkare konkurranse. Som ein illustrasjon på kostnadsnivået i fylket har vi sett på pristilbod innhenta for fem fjøs i 2014, i storleiken 40-85 kyr. Pris per båsplass med kviger hadde då eit spenn på kroner 93.000-160.000, med høgast kostnad for lågast tal kyr. Fjøsa var forskjellig med omsyn til grovfôrmekanisering og isolert/uisolert. Denne enkle prisvurderinga per båsplass frå Rogaland gjev då eit kostnadsspenn på ca 1,5 – 2,6 milliardar kroner for å bygge om lag 16.400 kubåsplasser som lausdriftsfjøs i fylket fram til 2024.

Stikkord denne saka: , , , ,