
Naturleg: Grisen syter for hovudinntektskjelda hjå Anne Berit og Anders Verpe. Sauene høyrer naturleg til på garden i tillegg. Dyrking og beiterydding har vore ein viktig del av gardsdrifta i fleire tiår.
Hjå Anne Berit og Anders Verpe har årelang ryddesjau og mykje grisegjødsel endra meiningslause motbakkar til grøne enger.
Sjur Håland
Bratte, skrinne grusbakkar og steile fjellsider har ikkje teke motet frå brukarane. Snarare tvert om. Det er tradisjon på garden for å rydda gran, furu og kratt, så til beite og pløya tilbake mykje av overskotet til fornying av driftsapparatet og rydding av enda meir land.
Faren til Anne Berit, Øyvind Kleppa, starta med nydyrking og den arbeidskrevjande beiteryddinga med enkelt utstyr og rå muskelkraft. Det tunge arbeidet skræmde ikkje ungfolket. For femten år sidan tok Anne Berit og Anders Verpe over stafettpinnen. Stadig nye felt med beitemark blir sådd til, samstundes med at det godt utbygde traktorvegnettet, som er til glede og nytte for friluftsinteresserte bygde- og hyttefolk, blir forlenga.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






