I bakkar så bratte at «feiaren neppe har lov å gå der», haustar Kari Lutro 45 tonn epler, 7-8 tonn plommer og ein heil del pærer. Dei 13.000 frukttrea gjev rikeleg med arbeid heile året
I bakkar så bratte at «feiaren neppe har lov å gå der», haustar Kari Lutro 45 tonn epler, 7-8 tonn plommer og ein heil del pærer. Dei 13.000 frukttrea gjev rikeleg med arbeid heile året
Fruktdyrking er i framgang fleire stader i sør-Noreg, og epla frå Sogn tek sin del av marknadsveksten.
– Jau, me merkar press frå presseple-fronten, seier Kari Opedal ved Ullensvang Fruktlager. Ordspelet framkallar smilet, og det same gjer pilene som peikar oppover for fruktnæringa.
Kvifor er epletrea stadig meir utsette for sjukdom og skadedyr? Forskarane ved NIBIO Ullensvang har sine teoriar, og stasjonsleiar Gunnhild Jaastad er uroa for at frukttre-importen kan ha konsekvensar me ikkje har oversikt over.
Siderbøndene er på stigande rus, og reiselivet blir med på festen.
Grønsakene er i rute, og det blir meldt om jamn og god vekst. – Eit godt utgangspunkt for ei bra hausting, seier Kari Aarekol i NLR.
Jo Arild Tønnessen trong litt draghjelp i frukthagen. Då kom Morten Svanes på banen, med to bikubar og 35 000 bier.
Med ein unik smak og auka kunnskap om lagring skal norsk frukt, bær og grønt ta sin del av auken i etterspurnaden, trur Leif Øie i GPS.
– Auka volum i ein gitt marknad fungerer dårleg om ein ikkje samstundes sikrar omsetning gjennom produktutvikling og marknadstilgang, seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar Njøs Næringsutvikling.
Det er ikkje berre sau og storfe som flytter austover. Mykje tyder på at det går same vegen med frukt og bær.
Bondevennen nr 5
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 13. mars.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.