Utprøving av ullpellets i Norge:  Biogjødsel av ull skal prøvast ut i ulike produksjonar og driftsformar.  NLR, Norsøk og Norilia skal bidra til forsøk og analysar. Foto: Privat.

Karin Flatøy Svarstad samla 1,6 tonn lågverdi ull og sende det ut av landet. Attende fekk ho godt over 1,2 tonn pelletert ull – som skal nyttast som gjødsel og jordforbetring.

Liv Kristin Sola

Kunstnaren og nyskaparen Karin Flatøy Svarstad er langt over middels interessert i ull. I over førti år har ho jobba med ull, spesielt ull frå dei gamle sauerasane. Gjennom konferansen NANSW (sjå faktaboks), har ho engasjert seg for å finne nye bruksområde for denne ulla.

– Eg vil ikkje akseptere at ull vert grave ned, kasta på havet, eller brent. Me må bruke dei ressursane dyra gir oss, seier ho.

Svarstad har nettverk over heile Europa. No går ho utradisjonelle vegar for å auke verdien og nytten av den minst verdifulle saueulla.

North Atlantic Native Sheep and Wool 

Prosjektet med ullpellets har sitt utspring i Karin Flatøy Svarstad sitt engasjement med prosjektet og konferansen North Atlantic Native  Sheep and Wool (NANSW). Eit prosjekt som Svarstad tok initiativet til i 2010.

NANSW-konferansane har samla sauebønder i Norge og resten av den nordatlantiske regionen til felles innsats for å finne nye bruksområde for ull frå dei gamle korthala sauerasane. Fleire av desse rasane er trua og målet er å finne nye måtar å utnytte og auke verdiane av dei ressursane som dyra gir.

Les meir om dei gamle sauerasane:

Status for dei gamle norske sauerasane

Den nordatlantiske sauen

 Vikingsauen på nye tokt

Den islandske leiarsauen

Nyt tid med gamle rasar på Shetland

Beitar tang og tare på North Ronaldsey 

Ein ull-sjel: Karin Flatøy Svarstad har pakka bilen full av sekkar med ullpellets. No skal denne biogjødsla prøvast ut i ulike produksjonar og driftsformar. Ønsker du meir info kan du ta kontakt med: karin@somak.no. Foto: Privat.

Ull til alt

Svarstad samla 1,6 tonn rå ull, uvaska og usortert, som ho sende ut av landet for å få pelletert. Mesteparten var ull frå spælrasane, men også noko crossbredull. Det var ull frå lår og buk, og heilårsull. Den ulla som har lågast økonomisk verdi. 

– I dag er slik ull eit reint tapsprosjekt. Betalinga dekker ikkje eingong klippekostnadane for sauebøndene. Mange vel difor å ikkje levere ulla. Den blir eit avfallsproblem, blir kasta i naturen, brent på bål, eller kasta på havet. Det må vi få ein slutt på, seier Svarstad.

Ho viser til at ull har mange potensielle bruksområde, ikkje berre som garn og tekstilar. Ull som isolasjonsmateriale har lange tradisjonar. Ull som erstatning for bobleplast er under utprøving i Tyskland, og pelletert ull som gjødsel og jordforbetring breier om seg i fleire europeiske land.

– Ullpellets er nytta blant anna i Tyskland, Austerrike og England, med god respons. I Tyskland klarer dei ikkje å produsere nok pellets, seier Svarstad.

Fiber frå ull inneheld mykje nitrogen og har høg pH. Det viser analysane som er gjort av ullpellets i utlandet. Tilbakemeldingane frå andre land gir Svarstad god tru på at bruksområda til norsk lågverdi ull kan utvidast.

«Ull er ein
fantastisk jordforbetrar.»

Karin Flatøy Svarstad

Fornybar ressurs

No har Svarstad 1250 kilo biogjødesel i form av ullpellets som skal prøvast ut her til lands. Ho samarbeider med Norsk landbruksrådgiving i fleire regionar, samt Norsøk (Norsk senter for økologisk landbruk) på Tingvoll og Norilia. Dei skal teste ut biogjødsla og gjennomføre målingar og registreringar. Prøvar er sendt til laboratoriet for analyse og gründeren er spent på resultatet.

– Vi har rundt éin million sauer som produserer kring fire tusen tonn ull i året. Fleire hundre tonn er lågverdi ull. Å finne nye bruksområde for denne ullkvaliteten er verkeleg berekraftig, seier Svarstad.

Til våren skal pelletert ull frå norske sauer prøvast ut som biogjødsel og jordforbetringsmiddel i jordbruk, planteproduksjon og hagebruk. Først ut er urter og grønsaker i veksthus. Seinare vert det jordbær og bringebær. Deretter frukthagar, potteplantar og grønsaker på friland. Til og med grasareal og beite skal gjødslast med ull. 

Heilt naturleg: Farga ull, heilårsull, samt ull frå buk og lår, kan kuttast, tørkast og pelleterast og nyttast som biogjødsel, blant anna i jordbruk og hagebruk. – Med dagens teknologi og kunnskap må me klare å finne nye bruksområde og bruke ressursane desse unike og flotte dyra gir oss, seier Karin Flatøy Svarstad. Illustrasjonsfoto.

Fantastisk jordforbetrar

Vanleg rå ull med lange fibrar tek lang tid å løyse opp i jord. Men når ulla er kutta og pelletert, løyser den seg raskt opp og frigjer næringsstoff over lang tid. I pelleteringsprosessen vert råulla tørka og varmebehandla slik at den er fri frå smitte og frø. Dermed er den også lagringsdyktig i minst to år.

– For dei som dyrkar i potter og bed kan biogjødsel av ullpellets bli eit godt gjødselalternativ. Det same gjeld for dei som dyrkar sine eigne grønsaker på små areal rundt om i byane, seier ho.

Ifølgje Svarstad kan ullpellets nytta på sand- og leirjord bidra til å halde på fukt i tørre periodar. I tillegg kan ull dempe sandflukt.

– Ull har ikkje berre ein gjødslingseffekt. Ull er ein fantastisk jordforbetrar. Pelletane blir raskt brote ned, men held samstundes lenge på fukt. Med ein pH rundt ni har ull også ein god effekt på sur jord og beite, seier ho.

Utfordrar det etablerte

Svarstad har merka seg ein viss skepsis frå enkelte hald, men meiner at ull har eit stort potensial for jordbruket som biogjødsel. Ho håper bøndene sine eigne organisasjonar vil engasjere seg sterkare for å finne nye og bærekraftige bruksområde for den minst verdifulle ulla.

– Me må i alle fall ha vilje til å prøve. I ei tid kor me må tenke klima og redusere bruken av ikkje fornybare ressursar kan ull i mange tilfelle vere eit alternativ. Me må tenke utradisjonelt – eller eigentleg svært tradisjonelt, med tanke på korleis dei brukte råvarene i eldre tider, seier
Svarstad.

Stikkord denne saka: , ,