Avgjerande mjølketilskot

Kyr på alvor: Det blir beitande kyr å sjå på Vestlandet også i åra som kjem. – Me har rett og slett fått eit oppgjer som tar landsdelen sine behov på alvor, meiner Anders Felde.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner det nye mjølketilskotet er eit målretta tiltak for styrking av ryggrada i norsk mjølkeproduksjon.

Sjur Håland

Bondelagsleiaren representerer gruppa med distriktsbønder med dei største utfordringane. Han er gjennomgåande nøgd med årets jordbruksoppgjer.

– Kva vil det nye mjølketilskotet til små og mellomstore mjølkebruk ha å seia for ditt fylke?

– Det er avgjerande viktig. Me har vore opptekne av arealutnyttinga i distrikta og framtida til mjølkebruk med besetningar på mellom 15-30 kyr. Bønder som driv i meir eller mindre nedbetalte driftsbygningar har klart seg på eitt vis, men for dei som har investert i nye fjøs, eller er i ferd med å gjennomføra slike investeringar, har lønsemda vore svært vanskeleg. For desse vil det nye tilskotet vera særleg viktig. Dette er eit målretta tiltak mot ryggrada i norsk mjølkeproduksjon som me ikkje har hatt før.

Anders Felde

Vestlandet på alvor

– Det er ein del snakk om optimisme blant bøndene i fylket ditt om dagen, kva vil årets oppgjer få seia for stemninga i landbruket i Sogn og Fjordane?

– Oppgjeret vil slå positivt ut, trur eg. Partane i jordbruksforhandlingane har dei siste åra hatt ulike insitament for innretting av landbrukspolitikken, og sett forskjellig på marknaden si rolle i høve til produksjonsregulering. Ut frå årets oppgjer kan ein tolka at alle partane vil behalda matproduksjonen på Vestlandet. Me har rett og slett fått eit jordbruksoppgjer som tar landsdelen sine behov på alvor. Dei nye verkemidla gir også von i høve til framtidige oppgjer. Når staten sine representantar ser behovet for tiltak, er det eit teikn på at bøndene no har flytt på regjeringa sin ståstad og ikkje motsett.

Kvotepris og renteauke

– Kva skulle du gjerne sett annleis i årets oppgjer?

– Eg hadde håpa på meir konkrete marknadsreguleringstiltak. Kostnadane kring leigekvotar og kvotekjøp er ei stor utfordring som framleis ikkje har blitt løyst. Mjølkekvoteprisane utgjer den mest galopperande kostnadsveksten i mjølkeproduksjonen. Kostnadsveksten er ein ukjent faktor i høve til jordbruksoppgjeret. Ekstra utgifter til fôr grunna vekstsesongen i fjor vil syna att på både 2017 og 2018 rekneskapen, trur Anders Felde.

– Ei renteauke kan koma i tillegg. Eg er småredd for at kostnadsveksten kan bli større enn kva me likar. Det blir særs viktig framover å ta ut potensialet som ligg i å auka bruken av norske råvarer i marknaden. Det betyr auka innsats mot bevisstgjering av matindustrien og forbrukarane. Her kan mange bidra langt meir enn dei gjer i dag, understrekar han.

Bratt terreng

– Er eige tilskot til drift i bratt og vanskeleg terreng like godt som eit driftsvansketilskot, slik bøndene kravde?

– Det er eit kinkig spørsmål. Nasjonale satsar ville slått negativt ut for vårt område. I sum vil eg seia at me fekk ei god løysing, særleg med omsyn til at sone 5 blir delt, slik at sone 5B, som gjeld areala med dei største driftsvanskane på Vestlandet, blir prioritert.

Rett retning

– I kva grad trur du dette oppgjeret inneber eit steg i rett retning for norsk landbruk, jf. Stortinget sine målsettingar om inntektsutjamning og meir mat på norske ressursar?

– Jordbruksoppgjeret bidreg eitt steg i rett leid. Å nytta budsjettmidlar er heilt naudsynt for å nå måla. Me har fått eit oppgjer som legg til rette for framleis matproduksjon i distrikta. I tillegg har kornproduksjonen fått eit turvande løft. Vidare vart ammeku i sone 5-7 styrka.

– Som i mange andre fylke, er det ennå mange bønder i Sogn og Fjordane som ikkje har lagt om til lausdrift. I tillegg til dette vil endringane gjeldande frå 2024 i Forskrift om hold av storfe medføra større investeringar for mange for å oppfylla krav til fødebinge/sjukebinge og lufting. Vil dei mindre mjølkeprodusentane få høve til å koma seg gjennom desse føreståande satsingane?

– Nokre er uroa over dei komande krava til endringar, medan andre ikkje heilt har fått med seg 2024-krava. Eg trur det er naudsynt med god informasjon framover, samstundes som me arbeider mot styresmaktene slik at me får ei føreskrift som kan gjennomførast i praksis. Eg ser ikkje på dette som ei umogleg oppgåve.

Liker ikkje å gå i minus

Åge Gyland er nøgd med at partane vart samde om ein jordbruksavtale. Men minusoppgjeret på sau, likar han ikkje.

Sjur Håland

– Overproduksjonssituasjonen førte til at me som driv med sau kom dårleg ut. Det var nok ikkje anna enn me kunne venta i år sidan marknadssituasjonen er som han er, summerer Gyland.

Bonden frå Gyland i Vest-Agder driv med mjølkeproduksjon med kvote på 190.000 liter og har kring 85 vinterfôra sauer. I tillegg er skogsdrift ein del av næringsgrunnlaget. Han har hatt mange tillitsverv innan landbruket opp gjennom åra, og er kjent for det store engasjementet for sauen.

– Femti kroner i redusert tilskot på lam saman med stopp i investeringsstøtta frå 2019. Er det oppskrifta for å få bukt med overproduksjonen?

Åge Gyland

– Reduksjonen på 50 kroner utgjer så mykje som 10 prosent av dagens lammetilskot. Eg hadde føretrekt at me heller stod på staden kvil, eg likar lite å gå i minus. Om tiltaka er nok, vil syna seg. Det som er meir positivt er at marknadsregulatoren no vil kunna ta til orde for å gjera produksjonsregulerande grep utan at Konkurransetilsynet grip inn.

– Er du positiv med omsyn til framtida for sauenæringa?

– Ja. Det kontante svaret mitt er farga av mi sterke interesse for sau. Er ein interessert, må ein vera optimist.

– Korleis blir marknaden framover?

– Mange sauebønder vil truleg velja å halda fram med produksjonen sin i om lag same omfanget som i dag. Eg reknar med at marknaden vil svinga i tida som kjem. Ein fin sommar med butikkar som tilbyr gode produkt av sau og lam til bruk på varme grillar vil hjelpa på. Det er trass alt ikkje snakk om så store marginar før me er på eit nivå der marknaden er i balanse og me kan ta ut heile verdien av produkta våre.

Får turvande reguleringsventil

– Tommel opp, seier Per Inge Egeland, leiar i Norsvin Rogaland, om årets jordbruksoppgjer.

Sjur Håland

– Kvifor tommel opp?

– Familiebruka har fått auka merksemd i årets oppgjer, medan regjeringa har teke eitt viktig steg tilbake i høve til strukturutviklinga me har sett og erfart dei siste åra. Å oppretthalda svineproduksjonen på kombinasjonsbruk i distrikta, er noko Norsvin Rogaland brenn for. Me treng definitivt ikkje meir sentralisering, spesialisering og fleire større bruk her i landet.

– Korleis er du nøgd med oppgjeret i høve til svinenæringa?

Per Inge Egeland

– Igjen er eg overraska over staten. At dei nytta ledige midlar til prisnedskriving av korn dempar kostnadsveksten hjå oss med kraftfôrbasert husdyrproduksjon.

Partane i jordbruksoppgjeret er samde om å setje i verk tiltak som kan bidra til å handtera den utfordrande marknadssituasjonen for svin. Den norske purka har blitt supereffektiv. Egeland meiner purketalet må ned med minst 2-3000 dyr dei komande åra.

– Trur du næringa no får dei verktøya som trengs for å få balanse i marknaden? Blir det færre eingongspurker?

– Eingongspurkene har vore eit diskusjonstema i mange år. Denne strategien er ikkje ulovleg. No skal avtalepartane utreda eventuelle tiltak for å bremsa bruken av eingongspurker.

– Kva andre grep er aktuelle. Du har tidlegare oppmoda til friviljug reduksjon av slaktevekt og færre insemineringar?

– Friviljug produksjonsregulering synar seg å gi for lite respons. Det ser ut til at svineprodusentane treng ein form for kompensasjon før dei reduserer talet på produksjonsdyr. Norsvin Rogaland heiar på marknadsreguleringstiltak. Eksportforbodet gjer det tvingande nødvendig å tilpassa produksjonen til den norske marknaden. Jordbruksavtalen opnar for at svinenæringa no får den reguleringsventilen som trengs. Redusert tal på insemineringar og utkjøp av produsentar som stenger av grisehusa, er nok tiltak som ligg i korta.

Lovande for frukt og grønt

– Avtala syner vilje til å driva fram frukt- og grøntnæringa, seier ein nøgd generalsekretær i Gartnerforbundet, Katrine Røed Meberg.

Bothild Å. Nordsletten

Frukt, bær og grønt er ein av vinnarane i jordbruksoppgjeret. Målprisane og arealtilskota aukar. Grønsaker får 200 kroner meir per dekar i alle sonar, frukt får 500 kroner meir per dekar i alle soner og bær får 300 kroner meir i alle soner. Grøntsektoren skal også prioriterast i potten for IBU-midlar. Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologi blir auka med ti millionar kroner og Norsk Gartnerforbund si energirådgiving i veksthus er omtalt som viktig.

– Me er godt nøgde med oppgjeret. Avtala syner vilje til å driva fram næringa og det er me glade for, seier generalsekretær i Gartnerforbundet, Katrine Røed Meberg.

Katrine Røed Meberg

– Årets oppgjer gjer oss betre moglegheit til å investera i teknologi, forsking og utvikling, og slik effektivisera for å styrka økonomien i næringa. Dette kjem sjølvsagt også frukt og grøntprodusentane på Sør-og Vestlandet til gode.

Meberg trur at styresmaktene si satsingsvilje, trenden i retning auka grøntkonsum, klimamedvit og sterkare preferanse for norske varer til saman gjer det mogleg å ta ein større del av importmarknaden.

– I kva grad kan eit slikt oppsving føre til fleire nyetableringar, trur du?

– God økonomi og føreseielege ramar ligg til grunn for avgjerda om å satse eller starta opp noko nytt. Slike føresetnadar byggjest opp over tid. I tillegg må me jobba med utdanningstilbodet til dei unge, som vil inn i næringa. I dag haltar det. Det er mykje positivt fokus rundt næringa no, og dette oppgjeret kan kanskje gje optimisme i næringa. Men då må løftet vara ved.

I kva grad årets oppgjer inneber ei djupare strukturendring, er Meberg usikker på.

– Det går i retning av større produksjon per bedrift og færre bedrifter, også i vår bransje. Denne regjeringa set ikkje bremsene på denne utviklinga. Effektivisering er gjennomgangsordet.

– Er det noko du saknar i oppgjeret?

– Me føreslo ei betre erstatningsordning for klimarelaterte skader, ei ordning som ikkje fungerer godt nok når skadeomfanget er stort. Med meir ekstremver i vente kunne me tenkt oss ei omstrukturering i retning av ei katastrofeordning. Den kom ikkje med, men me heng på saka vidare.

Eit lite steg i rett retning

Meir til vest: Marit Epletveit er nøgd med auka midlar til drift i bratt terreng. Foto: Bondelaget

Leiarane i Rogaland Bondelag og Hordaland Bonde og Småbrukarlag meiner årets jordbruksoppgjer utgjer eit lite steg i rett retning for landbruket.

Bothild Å. Nordsletten

– Eg meiner det var bra at me landa ei avtale i år og eg har fått mange positive kommentarar frå medlemmane våre. Årets oppgjer er eit lite steg i rett retning, seier Epletveit, etter at årets jordbruksoppgjer kom i hamn 16.mai.

– Det er kanonbra at dei løfta så mykje på bratt terreng. Todelinga av arealsone 5 på Aust-og Vestlandet kjem Vestlandet til gode. For landsdelen vår er det også bra at 15-30-kyrsfjøsa er løfta. Ubalanse i marknaden, særleg for sau og svin, tok mykje tid under forhandlingane. Avtalen gir grunn til håp om ei løysing, meiner Epletveit.

– Me ligg framleis litt etter på inntektsmålet, men no skal ein utarbeide ordningar for marknadsbalanse for sau og særleg gris. Har me balanse i marknaden, kan me ta ut målpris og tene pengar på produkta våre – då kan inntektene våre auke.

Saknar differensiering

Bondelagsleiaren understreker likevel at det kan ta tid å oppnå balanse.

– Eingongspurker kan ikkje knipsast vekk – me skal ha overgangsordningar som kan tre i kraft i 2019. Me er nok ikkje i balanse på ei stund, seier Epletveit, og åtvarar samstundes om forbrukartrendar som også kan slå til svært fort og påverke utviklinga.

– Er det noko du saknar i oppgjeret?

– Ja. Differensiering av tilskota i høve til teigstorleik. Du kan bu i arealsone 5 og ha 800 mål på ei flate – då får du mykje. Men du kan òg bu på Jæren og ha 400 mål fordelt på 30 teigar og ikkje få noko. Eit tilskot som var betre tilpassa desse realitetane hadde vore meir rettvist, seier Epletveit.

Viktig inntektsutjamning

Også Jarle Helland, fylkesleiar i Hordaland Bonde og Småbrukarlag (NBS), meiner partane lukkast greitt med oppgjeret i år. Avtala er den første som også NBS signerer på under den blåblå regjeringa.

– Det kom mykje budsjettmidlar i år. Det var viktig for oss å vera med å styre bruken av dei. Me fekk på plass to viktige saker. Det nye strukturtilskotet til små og mellomstore mjølkebruk som utjamnar inntektsforskjellane i forhold til store mjølkebruk. Dette utgjer eit godt verktøy til å bygge ein god økonomi med. Tiltaka for å ordna marknadsbalansen er også svært viktige. Det var godt gjort av faglaga, med tanke på at FrP meiner at marknaden skal styre det meste. I tillegg tykkjer me det er kjekt å få på plass Setertilskotet på 50.000 per seter.

Eit vestlandsoppgjer

Helland stadfestar at Vestlandet kjem godt ut i avtalen.

 

Jarle Helland

– Dette er eit vestlandsoppgjer på den måten av me fekk eit stort løft på arealtilskot i sone 5 B. Dette bidreg til å styrke grovfôrøkonomien andsynes bruken av kraftfôr. Vestlandet er stort på frukt og bær og for desse produksjonane vart oppgjeret også bra.

Helland meiner no å sjå ei retningsendring i politikken, om enn lita.

– Løftet av grovfôrproduksjonen på Vestlandet og Nord-Norge, samt innføring av strukturtilskotet i mjølkeproduksjonen, meiner eg utgjer ei lita retningsendring. Den er minimal, men den er der.

Stikkord denne saka: , , , , ,