Tre dagar gamle tvillingar: Kalvinga er godt i gang på Kvittem gard og tvillingane får mjølka rett frå spenane. – Fruktbarheita er god, også utan kraftfôr, seier Vidar. Foto: Privat.

Vidar Kvittem går ikkje på kompromiss med det han trur på.
– Det finst ingen snarveg til god kvalitet, seier bonden.

Liv Kristin Sola

– Eg har 30 års erfaring med å la kalven drikke mjølk frå kua, seier Vidar Kvittem, min sidemann under den to dagar lange økomjølk-konferansen i Stjørdal i starten av februar.

– Utfordringa er å få kyrne til å gi ned når dei skal mjølkast, seier Vidar.

– Ikkje at kalvane går lause?

– Nei, det vert dei fort vane med, men dei går ikkje fritt heile døgnet, seier Vidar.

Dyra lærer fort

Vidar Kvittem driv Kvittem Gård i Stjørdal i Trøndelag. Han overtok bruket i 1989 og har drive økologisk i 30 år.

Like lenge har han prøvd ut ulike system for å la kalvane drikke mjølk frå kua. Dei første åra gjekk kalvane fritt i fjøset i fleire månadar. Men kyrne prioriterte kalven framfor mjølketanken, og vart vanskelege å mjølke tomme.

Vidar har også prøvd med ammetanter, men har landa på å ha kalvane i fellesbinge og la dei drikke seg mette på spenevarm mjølk, morgon og kveld.

Bonden har to kalvingsbingar til dei ti kyrne sine. Ku og kalv er i lag kring ei veke etter kalving, før kua er attende på båsen. Før mjølking vert kalvane henta og festa i båsen hjå kua, men får ikkje drikke før bonden har mjølka.

Vidar Kvittem. Foto: Auk-Smaker fra Stjørdalsføret.

– Då gir kyrne ned så mjølka fossar, smiler Vidar nøgd.

Han bruker klokka og «timer» mjølkinga slik at kalven får sitt. Kalvane får vere i lag med mora medan bonden steller fjøset. Tek dei til å  springe rundt, ender dei attende i bingen.

– Såpass forstår dei, og passar seg vel. 

At kalven drikk frå kua, meiner han er optimalt både for ku og kalv. Kalvane veks godt og lærer seg å ete grovfôr. Celletalet i tankmjølka kryp så langt ned på skalaen at Tine har bry med å måle.
– Mykje arbeid?
– Nei, med faste rutinar lærer dyra fort, seier Vidar.

Ulikt syn på kvalitet

For å ta vare på den gode mjølkekvaliteten, har han slutta med røyrmjølking og funne fram mjølkespannet.

– Varm mjølk må handterast skånsamt, elles går det ut over smaken, seier Vidar.

Det hender folk kjem innom for å kjøpe fersk mjølk som dei skal syrne til yoghurt eller kefir.

– Spenevarm mjølk frå mjølkespannet rett i Norgesglaset. Meir kortreist får du det ikkje, seier Vidar.

Kjøtet sel han direkte frå garden. Bonden ser fram til at det vert lov å selje rå mjølk direkte frå garden.

– Våre kjære samvirkeselskap er ein bremsekloss for kvalitet. Alt handlar om volum og pris, seier bonden.

– Kva meiner du med kvalitet?
– Vi må skilje mellom volummjølk og kvalitetsmjølk. Kvalitet handlar om dyrevelferd og driftsmåte, ressursbruk, beitebruk og ku/kalv. Me må sjå heilskapen; dyra, jorda og menneske. Kroppen har ti gonger så mange bakteriar som den har celler. Den vil ha påfyll av gode bakteriar for å ha god helse. Dette har kundane fått med seg. Men det tradisjonelle landbruket heng etter, seier Vidar.

Redda av Rørosmeieriet

Han meiner dagens kvalitetssystem favoriserer innefôring og premierer bønder som gir mykje kraftfôr.

– Trur du det kan endre seg?
Vidar ser på meg – litt oppgitt over spørsmålet.

– Eg har prøvd i 30 år. Det har ikkje endra seg ein millimeter. Nei, eg trur ikkje det vil endre seg, seier han. 

Bonden trur heller det vil vekse fram små meieri og lokale samvirke med heilt andre krav til kvalitet. Han viser blant anna til USA kor små kooperativ er på full fart inn i landbruket.

– Eg trur me kan takke Rørosmeieriet for at me fortsatt kan produsere økomjølk her til lands. Det er noko som stemmer når Tine ikkje får sal på økomjølk, medan det heiløkologiske Rørosmeieriet ikkje får nok, seier bonden.

Rom for mangfald: Vidar sel kjøt direkte frå garden, grønsaker og korn på marknad og til restaurantar i Trondheim, og har etterspurnad etter mjølk rett frå kua. Han meiner landbruket har blitt for einspora og etterlyser rom for mangfald og aksept for alle driftsformar. Foto 1 og 3: Auk-Smaker fra Stjørdalsføret. Foto 2 og 4: Privat.

Gamle norske storferasar

Vidar starta med å krysse inn Sidet trønderfe og Nordlandsfe i 1993. Dei gamle kyrne mjølker kring 5000 liter, medan snittet i buskapen er kring 4000. Han tek berre ein slått og heile avlinga vert tørka til høy. Om det knip får han kjøpt økologiske rundballar hjå ein nabo. Gjenveksten etter førsteslått vert beita.

Kalvinga skjer i slutten av februar og i mars, og kyrne produserer mykje mjølk på beite.

– Det er dette biletet forbrukaren får – kyr på grønt gras, seier Vidar, og meiner han skulle hatt skikkeleg betalt for den kvaliteten han leverer.  – Det er ikkje gratis, legg han til.

Kyrne får berre grovfôr, men det hender kalvane får litt kraftfôr i år der grovfôrkvaliteten ikkje er topp.

Helse i god mjølk

Kvalitet handlar også om helse. Vidar minner om at mjølk og kjøt frå dyr som får lite kraftfôr har høgare innhald av feittsyra omega-3 enn omega-6. Samstundes er det slik at godt beitegras reduserer feittprosenten i mjølka.

– Eg får altså dårlegare betalt, sjølv om det påviseleg er betre kvalitet i mjølk frå kyr som berre får grovfôr og beite.

– Drøvtyggjarane er meint å ete grovfôr. Å trigge produksjon med kraftfôr gjer noko med kvaliteten på produktet. Enkle samanhengar, eigentleg, seier bonden.

Vidar meiner produksjonsmetoden også kjennest på smaken. Dyr som beiter og berre ét grovfôr gir både meir smakleg og sunnare mjølk og kjøt.

– Det gir ein helsegevinst og har stor betydning for folkehelsa, seier Vidar. 

Allsidig produksjon: Vidar driv vekstskifte på 119 dekar med eng, dei gamle kornslaga spelt, nakenbygg og svedjerug, og 16 grønsakssortar; brokkoli, blomkål, kepalauk, kålrot, jordskokk, knollselleri, purre, svartrot, raudbete, gulrot, grønkål, hovudkål, knutekål, rosenkål, savoykål og spisskål. Foto t.v.: Auk-smaker fra Stjørdalsføret. Foto t.h: Privat.

Det verdifulle vekstskifte

Vidar er oppteken av å ta vare på dei gamle sortane av korn og grønsaker, meiner dei er meir næringsrike og smaksrike enn moderne sortar. I økologisk drift skjer også veksten seinare, noko som gir meir smak. 

Bonden nyttar korkje kunstgjødsel eller husdyrgjødsel på åkervekstane. Vekstskifte og husdyrgjødsel på enga er meir enn godt nok, hevdar han. Spelt har blant anna djupe røter og hentar næring og vatn frå djupe lag, og dannar samstundes luftporer i jorda. Vidar meiner dei gamle kornsortane bør malast på steinkvern for å ta vare på næringsinnhald og smak, og for god bakekvalitet.

Den gamle Målselvnepa er ein av spesialitetane og vart kåra til beste råvare i fylket under Smaken av Norge i 2010.

Svedjerug: Kortreist kvalitetsvarer. Vidar tek vare på smak, næring og bakekvaliteten i kornet ved å bruke vekstskifte, kverne på steinkvern og  selje på marknad direkte til kunde. – Vekstskifte og livet i jorda er meir enn god nok gjødsling for dei gamle kornsortane.

– Svedjerugsåkeren, min beste agronomiske prestasjon, ga 220 kg/daa heilt utan gjødsling og kun fem kg/daa med såkorn, seier Vidar. Foto 1: Privat..Foto 2 og 3: Auk-Smaker fra Stjørdalsføret. 

 

Jord og planter på lag

Vekstskifte er eng, grønnsaker, korn, eng. Han har delt lagring av husdyrgjødsla.og har praktisert vårpløying i 30 år. 

– Ved pløying er det viktig at tida med blottlagt jord blir kortast mogleg. Det beste er om du sår same dagen som du pløyer,. All husdyrgjødsla vert nytta på enga, ikkje i åkeren. Ingen grasetarar driv med nedmolding av gjødsla si!, seier Vidar, og meiner at det er ein av grunnane til topp avlingar både av grønnsaker og korn, utan å nytt gjødsle i grønnsak- og kornårene.

– Ein god agronom må først og fremst ta omsyn til livet i jorda. Det er her vi skal ha den største biomassen, seier Vidar.

Han minner om at livet i jorda må ha luft og næring. Jordlivet og plantene samarbeider; jordlivet gir næring til plantene, som takk gir plantene næring tilbake til organismane i jorda.

– For å få dette til må plantene få tid til å vokse ut. Intensiv hausting gir ikkje nok næring tilbake til jorda. Ved grønngjødsling vert plantene liggande oppå jorda. Det mest effektive er planter som matar jordlivet direkte, slik som i naturen. Aller best vert gjødsla når grønnmassen går gjennom ein dyremage før den havner som gjødsel oppå jorda, seier bonden. 

Han minner om at livet i jorda binder mykje karbon. Å få i gang desse naturprosessane vil vere ein nøkkel i klimakampen.

Møter heile verda på marknad

Medan kjøtet stort sett vert seld frå garden, tek Vidar ofte turen til Bondens Marknad i Trondheim, kor han møter turistar frå heile verda. Ein  australsk kunde fekk med seg ein halvkilo svedjerug. Året etterpå kom han attende og skulle ha fem kilo.

Vidar leverer grønsaker til fleire restaurantar i Trondheim, og i fjor fekk han besøk av to kokkar frå ein svensk Michelin-restaurant. Dei var spesielt interessert i jordskokk, og fekk med seg smaksprøvar.

– Folk vil ha det eg produserer, men dei kan ikkje få det i butikkane, konstaterer Vidar.

Sterk i trua

På mange måtar har Vidar meir til felles med kundane sine enn med det tradisjonelle landbruksmiljøet. Han prøvde seg som leiar i det lokale Bondelaget, men karrieren vart kort. 

– Takhøgda vart for låg, kommenterer Vidar.

Han er uroa over utviklinga i landbruket og det faktum at produksjonen i stor grad er lausriven frå ressursgrunnlaget.

– Økonomien er pressa og bonden må ta snarvegar. Dei har ikkje råd til anna, seier Vidar.

Men for han finst ingen snarvegar til god kvalitet. Oppskrifta er tid, kunnskap og hardt arbeid.

– Og dette kan du leve av?
– Ja, så lenge eg ikkje har tid til å ta ferie og bruke pengar, går det rundt, humrar bonden.
– Det er ikkje mange som deg?
– Nei, men forbrukaren vil ha slike som meg, sjølv om samfunnet ikkje vil.
– Kven er samfunnet?
– Staten – og landbrukskontoret, rådgivinga, forsking og samvirka. Dei tenker likt som staten.

 

Står støtt

Vidar har merka seg at mykje dreier seg om store bruk og høg grad av mekanisering, også i økomiljøet.

– Det er langt frå mi verd. Eg har alltid gått etter mitt eige hovud, stått for vala mine, på tross av rådgiving og samvirke. Eg går ikkje på kompromiss med det eg veit er rett og som gir god kvalitet på maten eg produserer, seier Vidar. Han etterlyser aksept for mangfald – også i driftsform.

– Me tenker for likt i landbruket. Det er i byane me finn folk som tenker sjølve, seier han.

– Korleis er det å stå for eit så radikalt annleis syn på landbruket?
Det går eit alvorleg drag over andletet til Vidar: 

– Det har vore svært vanskeleg. Direkte tøft i periodar, seier han.

Ettertrakta jordskokk-åker: Kokkar frå ein svensk Michelin-restaurant var innom for å få med seg smaksprøvar. Foto: Auk-Smaker fra Stjørdalsføret.

Frodig speltåker: Vekstskifte og liv i jorda er meir enn god nok gjødsling for dei gamle kornsortane. Dama på biletet er frå Praha, og var arbeidshjelp på Kvittem Gård. Foto: Auk-Smaker fra Stjørdalsføret.

Stikkord denne saka: , , , , , ,