BN+

Vi har verdas friskaste og mest fruktbare ku, kvifor er det då slik at dei ikkje lever lenger enn kyr i resten av verda, spør Adam Martin.


Liv Kristin Sola


Veterinær Adam Dunstan Martin var sjeldan klar i talen då han tok jærbøndene i skule om reproduksjon og fruktbarheit i mjølkeproduksjonen. Martin var invitert vestover i samband med Tine-kurset Friskare kyr gir glad bonde. Martin er spesialist i reproduksjon og storfemedisin og underviser til dagleg ved veterinærhøgskulen, NMBU, på Ås. Han utfordra jærbøndene på fruktbarheit, men aller mest på strategi og planlegging.


– Årleg tapar mange mjølkebønder store summar på grunn av dårleg fruktbarheit i buskapen. Problemet er at svært få veit kor mykje pengar det er snakk om, seier Martin.

Ein kalv i året

Ein kalv per ku per år er oppdraget bonden gir seg sjølv og buskapen sin for å halde trykket oppe i mjølkeproduksjonen. Ifølgje Martin går NRF drektig i 280 dagar i snitt. Med 365 dagar i året har kua 85 dagar til å reinske livmor, bygge opp att livmorveggen, starte ny syklus, vise brunst, bli bedekka og ta kalv.


– Det er enkel matematikk, men det er mykje som skal klaffe. I tillegg skal ho produsere godt med mjølk. Det er ikkje lite å leve opp til, seier Martin.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , ,