• Tre generasjonar Hustoft samla framfor fjøset og kua frå kraftfôrsekken frå 60-talet. F.v. Kåre, Åsne, Ståle med Lars på armen og Gunvor. Solveig og Aksel framme.

– Å halde kostnadane nede og ikkje la seg lokke av alt du «burde» hatt, er det aller viktigaste når du skal bygge fjøs til ein liten buskap, seier Ståle Hustoft.

Liv Kristin Sola

Fjøset til Åsne Breidablik Hustoft og Ståle Hustoft på Hustoft, på Nedstrand i Rogaland, stod klart til innflytting seint i fjor haust. Buskapen og kvoten er den same som før dei bygde om sauehuset; ti kyr, fem drektige kviger, nokre kalvar og yngre kviger, og ein kvote på 68.000 liter.

Lenge var Ståle usikker på kva han skulle gjere med slektsgarden. Bonden ønska ikkje ein kvardag åleine på bruket. Han trengte kollegaer. Bonden valde å leige ut kvoten for fem år, satse på ammekyr i tillegg til sau, og jobbe deltid på Tveit vgs. Tre år seinare, i 2014, reduserte leigetakaren drifta og Ståle stod på ny overfor eit vegval. Men no var mykje annleis. Åsne var blitt ein viktig del av livet, og saman ynskte dei å skapa eit arbeid og ei framtid for familien heime på garden.

Tar vare på helsa

Attende på mjølkekrakken krinsa tankane om framtida. Kor lenge var det mogleg å fortsette i båsfjøset?

Fjøset hadde sine utfordringar. Dårleg trykk på vatnet gjorde at kyrne drakk for lite og det var tidkrevjande å halde båsane og dyra reine. Ståle er ingen absolutt forkjempar for lausdrift, men rygg og kne og bondeskulder, melde frå om at kroppen ikkje plent ville spele på lag, om han ikkje tok betre vare på seg sjølv.

Bonden likte å gå i fjøset, likte å mjølke, og var sikrare enn nokon gong på at dei skulle satse. Men dei skulle klare seg utan å auke buskapen og kvoten.

– Eg trivst betre i fjøset enn i traktoren, og ville heller satse på dei ressursane me har på garden framfor å kjøpe grovfôr eller leige meir jord.

Gardsfakta

Åsne Breidablik Hustoft og Ståle Hustoft, og barna Solveig (fire), Aksel (2,5) og Lars (fire mnd.) har ti mjølkekyr, femten kviger/kalvar og 40 vinterfôra sau på Hustoft på Nedstrand i Rogaland. Ståle overtok i 2006 og bygde nytt sauehus i 2009. Frå 2012 til 2014 var mjølkekvoten utleigd og erstatta med ammekyr. Sauehuset er nå bygd om til kufjøs.

Åsne vaks opp i Stryn. Ho er lærar på barne- og ungdomsskulen i bygda, men er for tida i permisjon med Lars. Ståle sine foreldre, Gunvor og Kåre Hustoft, er viktige og arbeidsvillige støttespelarar. Solveig og Aksel er i barnehagen nokre dagar i veka. Ståle har ei lita stilling som miljøarbeidar og lærar ved Tveit vgs.

Kvoten er på 68.000 liter mjølk. Garden disponerer 78 dekar dyrka jord til slått, 162 dekar beite og ein del skog og utmark.

Vil fortsatt vere liten

Ein vårkveld i 2016, medan han sat på mjølkekrakken, kom meldinga på radio. Lausdriftskravet var utsett.

– Det var vår sjanse, seier Ståle, som såg føre seg at bunka av søknadar hjå Innovasjon Norge ville bli drastisk redusert som ein følgje av dette vedtaket.

Dei fekk tilskot – 16 prosent av berekna kostnad. Det utgjorde 350.000 kroner. Det hjelpte litt, men det kom fleire utfordringar.

– Me var for små til å skape entusiasme hjå seljarane. Dei har lite å hente på små prosjekt som er skore ned til beinet. På enkelte varer var det berre ein leverandør som gav pristilbod, og då vert konkurransen liten på pris. Andre gonger fekk me berre tilsendt listepris. Både Innovasjon Norge og Landkreditt ga råd om å auka buskapen og leiga kvote, men familien ville prøva utan. Truleg gjorde utfordringane bonden endå meir bestemt – men samstundes også litt uroa.

– Me har eit innkjøpssamvirke som ein skulle tru også var for oss små, men slik fungerer det altså ikkje.

– Det skal satsast på små fjøs, men ingen snakkar om oss som er, og vil vere, skikkeleg små. Men det er me som har dyr på beite og som driv på setrane. Me er alibiet til norsk mjølkeproduksjon, seier Ståle.

Ikkje ein miniatyr

Det første spadestikket i utbygginga tok dei i april i fjor. Mange arbeidstimar i lag med faren, Kåre, stod for døra.

– Pappa er byggkyndig og arbeidsvillig, og var ein nøkkelfaktor til at me kom i gang så kjapt, seier Ståle.

Kåre er bygningsmann med stor interesse for tekniske løysingar og dei små detaljane, noko ein ser rundt om i fjøset.

– Mange meinte mykje om alt eg måtte ha, men eg stålsette meg mot alt som freista av teknikk og spennande utstyr, seier Ståle, som valde å prøve seg fram for å finne ut kva som er naudsynt.

24 liggebåsar er ikkje eit lite fjøs, om det var ei rein mjølkeavdeling. Men når liggebåsana skal delast mellom mjølkekyr, sinkyr og drektige kviger, vert det annleis.

– Med ti kyr er heile fjøset ei velferdsavdeling, i mine auge, seier Ståle.

Bonden melder om høg yting, noko han forklarer med betre dyrevelferd, kraftfôrstasjon og rikeleg med vatn frå vasspegel.

– Vatn er gull. Eg visste det var dårleg i båsfjøset, men at det skulle gjere så stort utslag var spesielt, seier Ståle.

Bonden let seg ikkje freiste til å maksimere ytinga. Målet er å fylle kvoten, utnytte beiteressursane og få fleire kalvar. Fjøset er plassert rett ved dei sørvende beitene. Dei fleste kyrne kalvar om våren og døra står open frå mai til oktober.

– Ein lukkeleg kvardag, seier Ståle om det livet dei har skapt seg heime på bruket.

Sliten og blakk – men lukkeleg

Med ti mjølkekyr var robot i realiteten ikkje eit alternativ. Likevel har bøndene sikra at dei enkelt kan bygge om til mjølkerobot, om det skulle bli aktuelt.

– Mjølkerobot er ikkje eit sakn. Eg har fleksitid i fjøset, og når eg stenger døra om kvelden, då har eg fri og kan sove utan alarm, seier Ståle.

Bonden på Hustoft legg ikkje skjul på at det har blitt nokre kompromiss undervegs, men konklusjonen er klar – alt har blitt så mykje betre enn det var i båsfjøset.

– Kyrne har seinka skuldrar. Kunne dei smile hadde dei gjort det, ifølgje mor mi, seier Ståle.

Frå sauehus til kufjøs

Fjøset er ein stålhall på 220 m2 (16 x 14 meter) bygd til sau i 2009. Kostnad på 400.000 kroner i kontantutlegg + eigeninnsats og tilskot. Bygget er åtte meter høgt med 4,5 meter høge veggar. Sauene gjekk på strekkmetall over ein 1,5 meter djup kjellar. Eksisterande kjellar gjorde at dei kunne koste på seg å støype dragarar og legge spalteplank over heile kjellaren.

Ei dobbeltrekke med 2×10 båsar vart støypt oppå spaltene og fleire lag med isopor. Oppå støypen ligg det eit snev av luksus – todelte vannmadrassar frå Glad Q på Finnøy.

Kalvingsbingen: Kalven får gå i lag med kua nokre få dagar etter kalving. Då dei skal skiljast er det kua som vert flytta inn i fjøset til dei andre kyrne før Ståle tek kalven over i kalveboksen. – Det er alltid betre å gå i frå enn å bli gått ifrå, stadfestar Ståle. 

På andre sida av fôrbrettet er det plass til kalvar og unge kviger på spalt og liggepall. Fjøset vart utvida med 2,6 meter i breidda og 8 meter i lengda for å gje plass til mjølkestall, tankrom, sluse, kraftfôrautomat, fire liggebåsar, sjukebinge, kalvingsbinge, utgang til beite og avdeling for småkalvar

(Sjå teikning. PDF blir åpna i ny fane)

Totalt areal er på 366 m2. Kapasiteten er vurdert til 18 årskyr og fullt påsett. For å halde kostnadane nede vart det lagt til rette for ein stor eigeninnsats og billege løysingar måtte prioriterast.

– Alle vil selje deg noko ekstra, men du må venne deg av med å ha lyst på ting. Eg tenker: Det er sikkert kjekt, men eg prøvar først utan.

Gammalt og nytt

Fjøssystemer har levert spalter, liggebåsar og drikkekar med sirkulasjonsanlegg. Frontar mot fôrbrettet er flytta frå båsfjøset. Bonden sleit lenge med å finna ei rimeleg løysing i mjølkestallen. Redninga vart Jan Erik Sandvik, DeLaval sin servicemann, som flytta mjølkeanlegget frå båsfjøset og monterte det med høgthengande mjølkerøyr, nye mjølkemaskinar og skinnebane mellom mjølkestall og tankrom. Nyleg vart det prioritert gummimatter i returgangen for å lette reinhaldet og gjere golvet meir sklisikkert.

Økonomi

Totalkostnad inkludert 30 prosent eigeninnsats kom på 2,4 mill.

Kontantutlegg (inkludert tilskot) vart 1,8 mill.

Frå Innovasjon Norge fekk dei til skot til 16 prosent av kostnadskalkyle (350.000 kroner). Verdi av eigeninnsats (kr 350 per time) og tilskot er berekna til 1 mill.

Ståle rådar alle til å sette seg inn i driftsplanen og ha eit aktivt forhold til tala og vurderingane.

– Det er du som skal leve med desse tala. Ver realistisk i forhold til satsinga og eigen motivasjon, rådar Ståle.

Sjølvmelding

Mest nøgd med:

Kvardagane! Kjekt å ha tid til frokost med familien før jobb og barnehage, og høve til å la heile familien vera engasjert i gardsdrifta. Me har fått ei god løysing på tunet der kyrne kan gå fritt ut og inn på beite og ungane springa trygt mellom husa og fjøset.

Kva kunne vore betre:

Gjødselhandtering og haustelinje er tungvint og tidkrevjande. Me leitar framleis etter den beste måten å flytta grovfôr frå tårnsiloane på låven over til det nye fjøset.

Tips til andre:

Ver ærleg med deg sjølv og andre. Spel med opne kort om økonomi, kva du er god på og kva treng du å be om hjelp til. Fortell at du er gørrsliten, fortell at du er blakk. Ta fri på søndagane, slik at du sjølv, familien og andre veit når du er tilgjengeleg for leik, tur og kaffeselskap.

Stikkord denne saka: , , , , ,