Omlegging av lammeslakttilskotet har møtt kraftig kritikk frå sauebønder.

Omlegging av lammeslakttilskotet har møtt kraftig kritikk frå sauebønder.

 

I fjor vart jordbruksavtalen lagt om til fordel for stordrift. Ingen ting av dette er reversert i den nye avtalen. Dette året er tillegga per dyr nokså like, anten du driv stort eller smått.

 

Odd Magne Nordmark
Og distrikta har ikkje noko ekstra å henta. Av dei tre grovfôrbaserte dyreslaga me reknar på her, kjem sau ut med minst tillegg dette året, i motsetnad til i fjor.
Det opphavlege kravet på 950 millionar og det opphavlege tillbodet på 90 millionar kroner, munna ut i ein avtale om 400 millionar i pluss, signert av staten og Norges Bondelag, mens Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut. I snitt skal dette gi rom for å auka inntekta med 13.000 kroner per årsverk i 2016. Det aller meste av inntektsauken kjem frå marknaden, 315 millionar, mens berre 45 millionar kjem i form av auka tilskot. Derfor må du ha stor produksjon for å komma godt ut.

Pluss og minus for distrikta

Distrikta får svært lite ekstra i år. Eit ekstra arealtilskot på 4 kroner målet i sone 6, vil komma ein liten del av Bvabonnentane til gode. Det vil også eit ekstra arealtilskot på korn i sone 5-7 på 17 kroner målet gjera.
Bær- og grønsakprodusentane i distrikta får 5 øre kiloen ekstra i distriktstilskot. Men distrikta mister også tilskot. Kylling- og kalkunprodusentane på Agder og Vestlandet nord for Rogaland, misser tillegget på 20 øre per kg slakt, og eggprodusentane i Trøndelag mister sitt tillegg på 22 øre per kg egg.
Pelsdyrprodusentane mister tilskota til fraktutjamning på pelsdyrfôr, noko som skal utgjera heile 60.000 kroner i snitt per pelsdyrbonde.

Tilskotskutt og tillegg

Det blir visse endringar i tilskotssatsane, men maksimalsatsen på husdyrtilskot som vart dobla i fjor til 560.000 kroner, er ikkje endra i år.
Avlsgris i heile landet mister 220 kroner per dyr (opp til 35), og tilskotet til slaktegris minkar med 5 kroner per dyr.
Tilskotet på 1000 kroner per unghest under 3 år forsvinn.
På plussida kan me nemna at tilskotet for bevaringsverdige storferasar aukar med 200 kroner per dyr.
Kvalitetstilskotet til storfekjøt aukar med 30 øre kiloen. Pristilskotet til geitemjølk går opp med 10 øre kiloen, men samstundes forsvinn midlar frå prosjektet Friskare geiter.
Det er sett av 20 millionar kroner til utsiktsrydding på vegar, men SMIL-midlane blir kutta tilsvarande. Arealtilskotet til økologiske grønsaker, frukt og bær aukar med 275 kroner målet, ein relativt stor auke. Bioenergiprogrammet skal aukast med 7 millionar. Rentestøtteordninga gjennom Innovasjon Norge blir fjerna. Ein søknadsomgang Partane har bestemt å leggja om til berre ein årleg søknadsomgang for tilskot, med to registreringsdatoar.

Prisauke

Målprisen på mjølk går opp 8 øre literen, gris 70 øre kiloen, poteter 15 øre og norsk matkorn får tillegg på 9 øre kiloen.
Kornprisen aukar med 10 øre for kveite av matkornkvalitet, mens matkorn av rug ikkje får auke. Bygg, fôrkveite, fôrrug, erter, såkorn og oljevekstar får 8 øre, mens havre får 6 øre i prispåslag.
Auka kornpris blir kompensert med 70 millionar i tilskot til prisnedskriving, slik at denne prisauken ikkje skal påverka prisen på kraftfôr.

Utslag for grovfôrbaserte produksjonar

Endå eit år har me rekna på utslag av den nye jordbruksavtalen for dei tre grovfôrbaserte dyreslaga mjølkeku, ammeku og sau. I år var dette enklare enn tidlegare år, fordi tilskota stort sett er uendra frå i fjor. Berre med ein liten auke på 1000 kroner i driftstilskot for mjølkeproduksjon, og det same for bruk med 40 eller fleire ammekyr. Mindre bruk får 25 kroner per ammeku. Ein liten auke på 1%, eller maksimalt 700 kroner i tilskot til avløysing for ferie og fritid, gjeld for alle husdyrslag. Satsane for sjukeavløysing aukar ikkje. Sauehaldarar får ei påplussing på 30 kroner sauen på 1-100 dyr.

På storfe og sau er det berre tilskot som er omfatta av jordbruksavtalen. For å få fram prisauke på slakt har me vore i kontakt med Nortura. På prisar gjeld jordbruksavtalen fram til 30. juni 2016. Så langt har ein berre fastsett prisane ut dette året. Det kan vera greitt nok for sau/lam, for det meste av lammeslaktinga føregår om hausten. Pristillegget her har me fått oppgitt til kr 1,80 per kg.
For storfe får me ikkje eksakt pris for siste halvdel av avtaleperioden, men ut frå den gode marknadssituasjonen er me optimistiske nok til å gå ut frå 2 kr. per kg på storfekjøt som middel for avtaleåret. Det er visst nok same auken som året før. Me reknar ikkje med endring i kraftfôrprisane dette avtaleåret.

 

Les også: Årsverkinntekta aukar ujamnt

 

Tap på omlagt lammetilskot

Tilskot til lammeslakt er verd ein omtale. I fjor vart kvalitetstilskotet for lammeslakt av klasse O eller betre auka til 500 kroner per lam, og denne satsen er vidareført i den nye avtalen. Lammetilskotet for 2014 blir utbetalt nå i juni 2015.
Etter framlegg frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er det bestemt at lammetilskotet for framtida skal utbetalast saman med slakteoppgjeret frå slakteriet, altså utan søknad.
Dersom ingen ting anna blei endra, ville det då blitt utbetalt tilskot for to år i overgangsåret. Først fullt tilskot for fjorårslamma saman med andre tilskot i juni, og så fullt tilskot for årets slaktelam saman med slakteoppgjeret same hausten. Slik blir det ikkje. Det skal i 2016 berre utbetalast halvt tilskot for lamma frå 2015 etter den gamle ordninga, og halvt tilskot for lamma frå 2016 etter den nye ordninga. Dermed er eigentleg eit års tilskot på 500 kroner lammet vekke. Ein har flytt tilskotsutbetalinga eit år fram, og fjerna etterbetalinga. Dersom du legg ned sauehaldet i eit av åra framover, vil du ikkje få nokon utbetaling året etter, slik du får i dag. For ein buskap med 200 lammeslakt utgjer det 100.000 kroner i tap.
Omlegginga har møtt kraftig kritikk frå sauebønder, og også utmeldingar av Bondelaget.
Men held du fram i næringa med ein stabil lammeproduksjon, vil du ikkje merka noko til endringa så lenge du driv. Aukar du produksjonen, vil du få større tilskot i det enkelte året. Dersom du startar med sauehald, får du tilskotet rundt 8 månader tidlegare enn med den gamle ordninga. Men faktum er at dei som startar med sau i 2016, berre får halvt tilskot for lamma. Dei taper altså 250 kroner per lam dette året. I oppstillinga vår over utslag av jordbruksavtalen, virkar ikkje omlegginga inn. I Sluttprotokollen frå forhandlingsmøte 15. mai mellom staten og Norges Bondelag, skriv partane i jordbruksforhandlingane at for bruk med stabil produksjon, vil utbetalingane kvart år vera like store i gammal og ny ordning. Nye produsentar, og produsentar som aukar produksjonen vil få gevinst ved den nye ordninga, mens dei som trappar ned eller sluttar, vil få eit tap.

Økonomiske utslag på mjølkeku

[showhide type=»utslagmelk» more_text=»Vis tekst» less_text=»Skjul tekst» hidden=»yes»]

Nå går me over på tabellane over økonomiske utslag i kroner. Ver merksam på at det er inntektssida me ser på her. (Se tabell 1.)
Me legg følgjande føresetnader til grunn per årsku med påsett:

  • Påsett av 1 kalv per år.
  • Mjølkeleveranse 7.500 liter.
  • Kjøtleveranse 250 kg.
  • 10 dekar normert areal (10 daa beite svarer til 6 dekar dyrka jord)
  • Mjølk med tilhøyrande kjøtproduksjon er einaste produksjon på garden.
    (Se tabell 1)
Tabellen syner at inntekta aukar nesten proporsjonalt med produksjonsomfanget, slik at inntektsauken per ku blir nokså lik, uavhengig av produksjonsomfang. Det er berre driftstilskotet på 1000 kroner per bruk som ikkje aukar i takt med produksjonen. I fjor var auken på ca. 1.500 – 1.950 kroner per ku, der dei største fekk mest. Distrikta får ingen ting ekstra, bortsett frå gardsbruk som ligg i arealsone nr 6, som får 4 kroner per dekar i auke.

Tabellen syner at inntekta aukar nesten proporsjonalt med produksjonsomfanget, slik at inntektsauken per ku blir nokså lik, uavhengig av produksjonsomfang. Det er berre driftstilskotet på 1000 kroner per bruk som ikkje aukar i takt med produksjonen. I fjor var auken på ca. 1.500 – 1.950 kroner per ku, der dei største fekk mest. Distrikta får ingen ting ekstra, bortsett frå gardsbruk som ligg i arealsone nr 6, som får 4 kroner per dekar i auke.

[/showhide]

 

Økonomiske utslag på ammeku

[showhide type=»utslagammeku» more_text=»Vis tekst» less_text=»Skjul tekst» hidden=»yes»]

For 1 årsammeku legg me desse føresetnadene til grunn:

  • Ammekua får ein kalv i året, halvparten av kvart kjønn, og alle kalvane blir sette på. Ved teljedato er det 1,75 ungdyr per ku. Beitetilskot på kua, kalven og ½ fjorårskalv.
  • Kjøtproduksjon 300 kg. 20 % av dette er kukjøt, som ikkje oppnår kvalitetstillegg.
  • 7 dekar normert areal. Alle kyr går på utmarksbeite minst 8 veker (Desse føresetnadene verkar ikkje inn dette året)
  • Ammeku er einaste produksjonen på garden.
    (Se tabell 2)
Driftstilskotet aukar med 25 kroner per ammeku mellom 6 og 40 kyr, som er taket her. Utover dette er det berre slakteinntekter som gir inntektsauke, og dei aukar proporsjonalt med levert kvantum. Auken ligg oppunder 700 kroner per ammeku for alle buskapsstorleikar. 10-kyrs bruket kjem ut med 7.000 kroner i inntektsauke, mens 100-kyrs bruket kjem ut med 68.000 kroner. I fjor oppnådde 10-kyrs bruket fattige 1.600 kroner i inntektsauke totalt, mens 100-kyrs bruket oppnådde 183.000 kroner med same føresetnadene som i år. Denne fordelen dreg dei store bruka med seg vidare.

Driftstilskotet aukar med 25 kroner per ammeku mellom 6 og 40 kyr, som er taket her. Utover dette er det berre slakteinntekter som gir inntektsauke, og dei aukar proporsjonalt med levert kvantum. Auken ligg oppunder 700 kroner per ammeku for alle buskapsstorleikar. 10-kyrs bruket kjem ut med 7.000 kroner i inntektsauke, mens 100-kyrs bruket kjem ut med 68.000 kroner.
I fjor oppnådde 10-kyrs bruket fattige 1.600 kroner i inntektsauke totalt, mens 100-kyrs bruket oppnådde 183.000 kroner med same føresetnadene som i år. Denne fordelen dreg dei store bruka med seg vidare.

[/showhide]

 

Økonomiske utslag på sau

[showhide type=»utslagsau» more_text=»Vis tekst» less_text=»Skjul tekst» hidden=»yes»]

  • Me tar utgangspunkt i talet på sauer over 1 år, og legg til 30 % påsett for å få fram talet på vinterfôra sauer. Vidare reknar me 1,54 lam per vinterfôra, som gir 2 lam per sau over 1 år.
  • 40 kg saue- og lammekjøt per sau over 1 år.
  • 1 dekar normert areal per vinterfôra sau, der gjødsla beite tel 60 % av dyrka jord.
  • Sau er einaste produksjon på garden.
    (Se tabell 3)
Me ser at dei einaste postane som gir inntektsendring dette året, er kjøtinntekt og auke i husdyrtilskotet. Inntektsauken ligg på ein hundrelapp per sau over 1 år opp til 100 sauer, for så å falla noko for større buskapar. Per bruk aukar inntekta med 2.550 kroner på det minste på 25 sauer over 1 år, opp til 46.000 kroner på det største på 600 sauer. Fjoråret baud på langt større utslag, då auka inntekta med 5.000 kroner på det minste bruket, og heile 360.000 kroner på det største. Per sau over 1 år var auken på 200 kroner sauen på 25 og 50 sauers bruk, og heile 600 kroner sauen på bruk med 600 sauer, etter føresetnadene som var lagde til grunn

Me ser at dei einaste postane som gir inntektsendring dette året, er kjøtinntekt og auke i husdyrtilskotet.
Inntektsauken ligg på ein hundrelapp per sau over 1 år opp til 100 sauer, for så å falla noko for større buskapar. Per bruk aukar inntekta med 2.550 kroner på det minste på 25 sauer over 1 år, opp til 46.000 kroner på det største på 600 sauer.
Fjoråret baud på langt større utslag, då auka inntekta med 5.000 kroner på det minste bruket, og heile 360.000 kroner på det største. Per sau over 1 år var auken på 200 kroner sauen på 25 og 50 sauers bruk, og heile 600 kroner sauen på bruk med 600 sauer, etter føresetnadene som var lagde til grunn.

[/showhide]

Stikkord denne saka: , , , , , ,