Økonomi

Mykje å tene på godt grovfôr

Mykje å tene på godt grovfôr

Ein god fôrplan er ei god investering i framtidskua, meiner Kari Marie Njåstad i Tine. – Med rett fôring kan ein gjennomsnitts vestlandsbonde spare 50.000 kroner i året, seier rådgivaren.

Ille ute – utan økonomistyring

Ille ute – utan økonomistyring

Peder Skåre gir skryt til Hå Rekneskapslag som siste tida gjennom media har peika på alvorlege økonomiske utfordringar ute hjå bøndene. Han minner om at det er bonden som til sjuande og sist sit med ansvaret og rekningane.

Tryggare start med mentor

Tryggare start med mentor

Runar kjøpte gard på den fri marknaden – og skaffa seg mentor i same slengen. Med ei så tung investering var det viktig for den unge bonden å kome rett ut frå start. Då er Elling Johan Stangeland si lange erfaring frå landbruket gull verdt.

Kan få meir for mjølka neste år

Kan få meir for mjølka neste år

2020 var året då det uføreseielege slo inn også i mjølkemarknaden. Årets hendingar kan føra til lågare omsetningsavgift, høgare grunnpris – og nok skummamjølkpulver neste år.

Lysare, men stadig mørkt for svineprodusentane

Lysare, men stadig mørkt for svineprodusentane

Etter fleire år med overproduksjon og låge prisar er situasjonen lysare for svineprodusentane. – Men dagens målpris er langt frå nok til å dekke kostnadsauken og vedlikehaldsetterslepet, seier bonde Ove Aanestad.

Søker nye lokomotiv

Søker nye lokomotiv

Eit eller to nye prosjekt kan få ballen til å rulle. Kjartan Nyhammer, landbrukssjef i Alver, utfordrar lokale landbrukskontor til å ta ei aktiv rolle for å motivere mjølkebønder til å bygge om til lausdrift.

Bekymring over kraftfôrgjelda

Bekymring over kraftfôrgjelda

Makslån i banken pluss leasingavtalar og høg kraftfôrgjeld er ingen god kombinasjon for bondeøkonomien. Rekneskapsførarar på Jæren er bekymra, men følgje SR-Bank og Felleskjøpet er ikkje stoda dramatisk.

Kronekursen avgjer prisutviklinga

Kronekursen avgjer prisutviklinga

FKRA-sjef Per Harald Vabø meiner det blir feil å spekulera i korleis prisutviklinga på kraftfôr blir framover. – Det einaste me veit nå, er at me ikkje veit. Importråvarene, som påverkar kraftfôrprisen, vil vera heilt avhengig av kronekursen framover, seier han.

Mange små vil selje kvota

Mange små vil selje kvota

Tysdag 31. mars var siste frist for å melde mjølkekvote for sal gjennom den statlege oppkjøpsordninga. Førti millionar liter skal vekk, medan 604 bønder har meldt inn totalt 52 millionar liter for sal.

Bondevennen nr 5
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 13. mars.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.