Nærmar seg balanse for storfekjøt: Auka produksjon og redusert etterspurnad etter storfekjøt i marknaden, sender signal om å bremse for nyetableringar også i denne produksjonen.

Nortura har nærmare 11.000 tonn kjøt på reguleringslager, eit historisk høgt volum. Ifølge direktør for Nortura Totalmarked, er det lite rom for nyetableringar i alle husdyrproduksjonar.

Liv Kristin Sola

Direktøren for Totalmarked kjøtt og egg, Ole Nikolai Skulberg er på besøk i Sandeid for å møte Nortura-eigarane. Kantina hjå slakteriet er fullsett av engasjerte bønder. Kveldens tema er marknadsbalansering og moglegheiter i marknaden.

– Vi er nå en gang der, folkens, at det er overproduksjon på stort sett alt. Landbrukspolitikken har i seinare år handla om å gi gass. Det bør vi ikkje halde fram med, skal vi klare å balansere marknaden og oppretthalde ein stabil pris til bonden. Etterspurnaden heng ikkje med produksjonen, seier Skulberg.

Les også: Står sterkast i lag

Situasjonen for gris er svært krevjande. Lam vil truleg vere i balanse frå neste år, medan sauekjøt hopar seg opp på lager. Klekketala frå verpehøns er på veg opp som ein følgje av fleire nyetableringar. Vi er på veg mot ein potensiell stor overproduksjon på egg. Slik summerer direktøren marknadssituasjonen. Han minner om at Nortura har dobbel mottaksplikt på egg, både frå bønder og frå andre pakkeri.

Produksjonsregulering

Tiltak som regulerer produksjon vert stadig viktigare og Skulberg skulle gjerne hatt ei lang liste over tiltak. Han understrekar at det aller viktigaste i periodar med overproduksjon, er unngå å produsere varen.

– Ein reduksjon frå 25 til 22 prosent i rekruttering av søyer vil utgjere 600 tonn mindre sauekjøt på lager, seier Skulberg.

For gris gir han eit røft anslag på 3500-4000 purker for mykje, men viser samstundes til at seminbruken er redusert med ti prosent. Frå salen vert det peika på utfordringa ved at det vert utbetalt store bonusar i smågrisformidlinga parallelt med at det vert diskutert produksjonsdempande tiltak.

– Alle tiltak som reduserer volumet inn til slakteriet, har lågare kostnad for næringa enn å få omsett overskot i marknaden. Når produksjonen går rett på lager for seinare å tas ut igjen for å omsettast i markanden, då begynner kostnadane å dra seg til, seier Skulberg.

På forslag om skrelle vekk nedste tredjedel av produsentane, svarer Skulberg at det uavhengig av talet på produsentar, alltid vil det vere ein nedste tredjedel.

– Spørsmålet er kor mange produsentar de vil vere på neste møte.

Innsatsen for å auke storfeproduksjonen har gitt resultat. For ikkje mange år sidan var det 15.000 tonn i underskot. No nærmar vi oss marknadsbalanse. Skulberg minner om at Innovasjon Norge har løyva søknadar tilsvarande 1400 båsplassar i inneverande år. I tillegg er det undersøkingar som tyder på at talet på mordyr vil auke med 20.000 fram mot 2025.

– Rommet for nyetableringar svært trongt dersom næringa skal klare å oppretthalde prisnivået, med mindre forbruket av storfekjøt aukar kraftig.

Må auke kunnskapen

– Vi har eit stort potensial for marknadsføring, men ved overproduksjon er det alltid ei vurdering; kva for produksjon skal prioriterast i forhold til marknadsføring og kampanjar. Vi må vinne forbrukaren og gjere ein innsats for å auke kunnskapen blant folk, seier Skulberg.

Han minner om at norske bønder produserer råvarer av kvalitet i verdsklasse. Vi har importvern og ein pris for råvarene som ligg to til tre gonger over prisen i nabolanda våre.

– Skal vi oppretthalde posisjonen og tilliten må vi ta forbrukaren på alvor og akseptere at krava til norsk landbruk i somme tilfelle er høgare enn elles i Europa. Då har vi ikkje råd til å skli i spørsmål om dyrevelferd.

Historisk stort lager av kjøt: Tabellen viser totalvolumet av kjøt frå alle dyrslag på reguleringslager dei tre siste åra.

Stikkord denne saka: , , , , , , ,