– Den store sløsinga i norsk mjølkeproduksjon er overproduksjon av kviger, seier avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen.
– Den store sløsinga i norsk mjølkeproduksjon er overproduksjon av kviger, seier avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen.
Hvordan ei ku presterer i en laktasjon, er nesten alltid avhengig av hvordan hun ble behandlet i den forrige laktasjon, og spesielt hvordan sinperioden var. Ta kontroll på hold, celletal, bein og klauver.
Hans Reidar Kjærland lytta til fagfolk, men tok eigne val då han bygde gamlefjøsen om til lausdrift. – Skulle eg bygd heilt nytt, måtte eg ha skaffa meir kvote og areal. Men å køyra halve Kvinnherad rundt etter fôr, det gidd eg ikkje, seier Uskedal-bonden bestemt.
Ein kort skriftleg avtale er nok til å sikre deg juridisk mot endringar i kvoteleige.
Vestlandsk fjordfe har lang historie på Sylvarnes. Det same har bonden, Magne Sylvarnes. Å gå av båten her er som å tre ut or tida nokre timar, og berre vera.
I femten strake år har dei levert elitemjølk til Tine. No får dei Sølvtina, og ein tur til Oslo med festmiddag i lag med godt hundre andre mottakarar av Sølvtina og Mjølkespannet.
Nye hjelpemiddel og ny teknologi gir ein tidleg diagnose for om kyra er drektig. Nyttig for bonden, men kan det erstatte ein merksam røktar og ein dedikert dyrlege?
Leif John Haugstad har bygd flunkande nytt fjøs på 800 kvadratmeter med eit budsjett på 4,1 millionar kroner. Fjøset skal betala seg sjølv, seier bonden.
Då Tine la ned meieriet i Øystese, starta driftige bønder sitt eige bygdeysteri. I sommar lanserte dei Eldost, men satsinga handlar om meir enn berre ost.
Ei undersøking av kva som er felles hjå produsentar som leverer mjølk med høg feittprosent, ga klare svar.
Bondevennen nr 5
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 13. mars.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.