Landbruk i heile landet: Skal vi klare å oppretthalde ein høgast mogleg norsk matproduksjon er vi avhengig av at bønder over heile landet er sikra avsetning på varene sine til ein stabil og høg pris. Illustrasjonsfoto Bondevennen.

– Ein balansert marknad og stabil pris kan berre skje om bøndene står i lag, seier Ole Nikolai Skulberg.

Liv Kristin Sola

– Eg trur rett og slett at vi ikkje har det heilt klart føre oss kva marknadsordninga betyr og kor viktig den er for norsk landbruk. I alle fall kan det vere nyttig med ein repetisjon, seier initiativtakar til samlinga, Karluf Håkull, rådgivar i Nortura.

Direktøren for Totalmarked kjøtt og egg, Ole Nikolai Skulberg, understrekar at føremålet med marknadsbalanseringa er å sikre avsetnad for bonden sine råvarer til ein stabil og høgast mogleg pris. Han minner om at samvirke og marknadsbalansering er ein føresetnad for å produsere mat ytst ved havet og inst i fjorden.

Les også: Historisk stort lager

Høg marknadsdel er viktig for pris

Skulberg er tydeleg på at marknadsreguleringa, med mottaks- og forsyningsplikt, er heilt avgjerande for landbruk i heile landet.
Han får spørsmål om kor låg marknadsdel Nortura kan tole og framleis sitte med marknadsregulering. Skulberg vil ikkje definere ei grense, men gjer det klart at eit sterkt Nortura er garantisten for ein høg, stabil pris – i begge endar av verdikjeda. Høg marknadsdel i primærleddet løfter prisen til produsent. Blir Nortura for små i sluttmarknaden har dei ikkje musklar nok til å oppretthalde eit stabilt og høgt prisnivå og sørge for at kostnadane blir ført vidare i verdikjeda.

– Andre aktørar tilpassar seg den prisen Nortura klarer å oppnå, derfor er eit slagkraftig Nortura viktig for alle husdyrprodusentar, seier Skulberg.

Ole Nikolai Skulberg

Pris som virkemiddel

Pris er ifølgje Skulberg det viktigaste reguleringsvirkemidlet og vert aktivt nytta for å tilpasse produksjon over tid. Pris fungerer derimot dårleg som virkemiddel for å handtere raske endringar i marknaden, slik som under tørken i sommar.

– Utan marknadsregulering og mål om stabil pris, ville betaling for storfeslakt smelt i bakken i sommar, for å redusere innmeldingar til slakt og forsøke raskt vidaresal til kjedene til ein låg pris, seier Skulberg.

Gjennom landbruksforhandlingane er det fastsett tre system for prissetting av slakt:

Målprismodellen gjeld for gris, mjølk, korn og oljefrø, potet og noko grønt og eple. Målprisen vert fastsett av faglaga og styresmaktene i jordbruksforhandlingane.

Volummodellen gjeld for storfe, sau/lam og egg. Styret i Nortura set ein gjennomsnittleg engrospris. Det er ikkje lov for Nortura å ta ut høgare pris, då svarar landbruksdirektoratet med å sette tollen i null inntil Nortura har ordna opp i situasjonen.

Referansepris gjeld for kylling. Prisdanning skjer etter avtale mellom kjedene og kvar av leverandørane.

Mottaks- og forsyningsplikt er limet

Samvirkeorganisasjonane har mottaksplikt frå alle bønder, forsyningsplikt til heile norsk næringsmiddelindustri og informasjonsplikt til heile bransjen.

Mottaksplikt betyr at Nortura har plikt til å ta imot slakt frå alle produsentar over heile landet, uavhengig av kor dei normalt leverer slakt. Nortura pliktar å betale gjeldande og lik pris til alle, uavhengig av medlemsskap. Prisen omfattar også etterbetaling. I praksis betyr det at Nortura handterer alt overskot av kjøt gjennom reguleringslager. Ved store overskot må Nortura vurdere ulike reguleringstiltak. Eventuelle tiltak må godkjennast av omsetningsrådet og vert finansiert gjennom omsetningsmidlar.

– All risiko og kostnad knytt til overproduksjon ligg hjå bonden gjennom omsetningsmidlane og høve til å kunne ta ut pris, seier Skulberg.

Forsyningsplikt betyr at Nortura har plikt til å selje heile slakt til konkurrerande aktørar til same pris som til eigne slakteri, altså gjeldande engrospris. Er dekningsgraden under hundre, vert skrottane fortdelt mellom aktørane etter marknadsdel. I tillegg kan aktørane hente varer frå reguleringslager. Ved underdekning av slakt vert det opna for import til redusert tollsats.

– Mottaksplikt og forsyningsplikt er sjølve limet i marknadsreguleringsordninga, og er avgjerande for ein stabil pris til bonden og for aktørane i marknaden. Samstundes er mottaksplikta eit sikringsnett for bønder som leverer heile sin produksjon til slakteri, men også for dei som vil starte med eigen foredling fordi samvirke pliktar å ta imot overskotet, seier Skulberg.

Marknadsreguleringa bidreg ifølgje Skulberg, verken positivt eller negativt på botnlinja til Nortura. Verdiane i Nortura vert i hovudsak skapt av foredlingsindustrien og inntektene dei klarer å skape i sluttmarknaden på lik linje med dei andre aktørane i bransjen.

Totalmarked kjøtt og egg

Nortura har ansvar for marknadsregulering av kjøt og egg. Den operative drifta av marknadsordninga er skilt ut i Totalmarked kjøtt og egg.

Stikkord denne saka: , , , , , , , ,