Bondevennen 40 – 7. oktober

Bondevennen 40 – 7. oktober

Bondevennen 40

7. oktober

Kan grisen transporterast til slakteriet eller ikkje? Bondevennen har vore på møte i regi av Norsvin, og formidlar oppdatert informasjon om viktig dyrevelferd.
I tillegg til grisen, blir det mykje stoff om sau i vekas Bondevennen. Vi har vore på Gyland hjå Ståle Haukelid og sett på statusen i besetninga hans. Ståle er nøye på avlsopplegget og vil ha høg indeks på dyra.
Meir om saueavl, både teori og praktiske råd, får du i vekas aktuelle fagartikkel frå Norsk Sau og Geit.
Sør i Hå kommune har eit engasjert ektepar rusta opp ein gammal kystgard. Kulturlandskapspleia er det ein flokk alpakkadyr som tek seg av.
NIBIO presenterer første del av ein artikkelserie om rotugrasa lyssiv og knappsiv. Her får du råd om både kjemiske og mekaniske tiltak.
Det er mange grunnar til å lesa vekas utgåve. Vi prøver å gje deg nokre svar på kvifor variasjonane i driftsresultata i mjølkeproduksjonen er så store, kvifor Rogaland bør planta klimaskog, og kvifor fytase er så viktig i kraftfôret.
I tillegg får du svart på kvitt, nok ein gong, dokumentert at ikkje alt går på skinner for dei som driv med

Neste blad kjem i postkassane 14. oktober!

Bondevennen 39 – 30. september

Bondevennen 39 – 30. september

Bondevennen 39

30. september

– Bonden er den viktigaste aktøren i det store samfunnsoppdraget for å sikra matryggleiken til folket, skriv Bondevennen på leiarplass i vekas rykande ferske blad. Teksten er knytt til fagartikkelen frå AgriAnalyse, som tek for seg den ikkje alt for lystige stoda til dei viktige, grasproduserande mindre bruka i kystfylka.
Varaldsøy bondelag har hatt Lars Petter Bartnes på besøk, også her vart framtida for mindre bruk og kombinasjonsbruk diskutert.
Styresmaktene vil stimulera til planting av klimaskog i Rogaland. – Trea vil blåse over ende i første orkanen, meiner beiteentusiast frå Gjesdal, les meir på aktueltsidene.
Arnhild Erevik og Egil Byberg frå Forsand har bygd lausdriftsfjøs med mange smarte løysingar, blant anna eit utvendig fôrbrett som blir vippa opp etter at fôret er lagt ut. Går du med byggeplanar, kan du også få innspel som Tine har samla frå bønder som deler erfaringar frå eigne prosjekt.
Vår faste bidragsytar, Haren, er glad i kvardagspoesi på rundballane. Andre stikkord: Frukt og grønt, BvLoggen og marknadssituasjonen på gris.

Neste blad kjem i postkassane 7. oktober!

Bondevennen 38 – 23. september

Bondevennen 38 – 23. september

Bondevennen 38

23. september

Sauen er framleis eit ålreit dyr, men marknadssituasjonen er ikkje like grei. Denne veka er overproduksjonen på sau og lam eit aktuelt tema. Anna Stangeland har skrive om stoda på eigen gard i gardsreportasjen. Dei har valt å halda fram med båsfjøset, men har likevel ei effektiv drift med god plass og tid til å vera foreldre og fosterforeldre i tillegg.
Blant fagstoffet kan du lesa om samanhengen mellom kvalitet og lagring av potet. Vidare er Norsk Landbruksrådgiving tungt inne med fagstoff. Tema er ammeku. Gjennom tre gardsreportasjar møter vi ammekuprodusentar som deler sine erfaringer.
Karl-Ove Loen driv god arealutnytting med jordbær og frukt i Loen,
Bondevennen har vore på besøk.
Fotografi seier ofte langt meir enn ord. Bli med Bondevennen på foto­safari til Dyrsku’n i Seljord og til Setesdalsheiane på sauesanking.

Neste blad kjem i postkassane 30. september!

Bondevennen 37 – 16. september

Bondevennen 37 – 16. september

Bondevennen 37

16. september

Innhaldet i den komande landbruksmeldinga er framleis ukjent, men både på leiarplass og i aktueltsidene blir det frå landbrukshald åtvara mot å gjera meldinga til eit ideologisk eksperiment.
Familiebruk og samdrift er nøkkelord i drifta hjå Ella og Njål Helland. I gardsreportasjen får du detaljane saman med eit innsyn i nyfjøset deira.
Har du mjølkekyr eller andre storfe på garden vil fagartiklane om NRF-avlsarbeidet og klauvsjukdomen Digital dermatitt, vera til nytte og gagn.
Bondevennen var til stades på Dyrsku´n. Ferske inntrykk får du i bladet.
Andre stikkord for vekas fyldige Bondevennen er: Mjølkerelatert gardsmatproduksjon i Telemark, BvLogg frå Rakel Bakkebø i Sogn og Fjordane og ei fargerik og strevsam sauesanking i Hjelmelandsheiane, saman med ein sliten reportar, proffe gjetarar og spreke hundar.
Få også med deg viktig informasjon frå Mattilsynet. Kva gjer du når du har eit kadaver på garden?

Neste blad kjem i postkassane 23. september!

Bondevennen 35/36 – 9. september

Bondevennen 35/36 – 9. september

Bondevennen 35/36

9. september

På tampen av sommaren markerte setesdølar med hjarta for landbruket at tre nybygde sauehus er klar til å ta imot dyr til innefôringssesongen. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale klypte ullsnora. Bondevennen har ei fyldig dekning frå både Setesdal og frå Varhaug, der Miss Jæren og andre gullkyr og –kalvar vart stilte ut og kåra.
Laila Anita Ramstad og Johannes Nedrebø driv med ku, sau og gris på Ålhus i Jølster, bli med på eit djupdykk inn i den omfattande drifta deira.
I fagartikkelen blir merksemda retta på korleis ein best kan henta ut kvalitetstilskota på storfeslakt ut frå tilskotsendringane i jordbruksavtalen, som blir gjeldande frå januar. Randaberg-bonden Trond Vistnes produserer storfekjøt med utgangspunkt i dei omfattande grovfõrressursane på garden.
Telemarkingen Gunnar Haugo er oppteken av å ta vare på telemarkskua.
I sommarportrettet fortel han kvifor.
Blant det øvrige innhaldet denne veka: Jæren Smalalag har samla 100 år med historie mellom to permar. Advokaten drøftar vegrett, mens Jannicke Tafjord i BvLoggen summerer sommaren på garden hennar: Lite sol, men mykje gras!

Neste blad kjem i postkassane 16. september!

Bondevennen 33/34 – 26. august

Bondevennen 33/34 – 26. august

Bondevennen 33/34 – 26. august

Terje Birkeland var berre 16 år då han blei sjef i gardstunet på garden i Evje og Hornnes, Aust-Agder. Bonden kan no skryte på seg tre tiår som matprodusent. Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, snakkar helst om levande bygder og eit aktivt landbruk. Me fekk han
likevel til å snakke litt om seg sjølv. Du treff han i Sommarportrettet. Ida Løken og Jørgen Anda vil bli bønder. Dei meiner kunnskap om agro­økologi og global matproduksjon er viktig for dei som vil ha ei framtid i landbruket.
Norsk Landbruksrådgjeving bidreg med fleire sider med godt fagstoff.
Du får lese om plansiloar, plantevernjournal, haustsprøyting, sikkerheit, og mykje meir.

Neste blad kjem i postkassane 9. september!

Bondevennen 31/32 – 12. august

Bondevennen 31/32 – 12. august

Bondevennen 31/32 – 12. august

Idar Egeland, Fotland i Time kommune, Rogaland, sett krav til eiga drift. For han, er det avgjerande. På Osterøy i Hordaland finn me Havråtunet – eit av svært få bevarte klyngetun me har her i landet. Fôringsrådgjevar i Tine, Cathinka Jerkø, arbeider for at bønder skal ha betre oversikt over kor mykje, kor godt, og kor kostbart fôr dei har. Ho anslår at rundt 85-90 prosent av grovfôrprodusentane ikkje kjenner produksjons- kostnadane. Grønsaksrådgjevar Kari Aarekol fortel om hobby og minner frå barndommen i vekas sommarportrett. Du får òg lesa om, silobagging, beiting på jordbruksareal som er ute av drift, og økonomien til Haugalandsbonden.

Neste blad kjem i postkassane 26. august!