Effektivisering: Nortura skal spara pengar og effektivisera på mellom anna inntransport. Illustrasjonsfoto: Jane Brit Sande.

Olav Røysland fryktar at Nortura kan gå over ende om ikkje tapssluka blir tetta. Nye folk i konsernleiinga og -styret, er blant tiltaka han skisserer for å berge verksemda.

Sjur Håland

Bonden frå Voll i Klepp kommune på Jæren er mangeårig Nortura-eigar, ein nestor i svinemiljøet og har ei rekke landbruksrelaterte styreverv på CV-en. Han omtalar situasjonen i Nortura som alvorleg.

– I tillegg til Nortura sine dårlege resultat, er prisane ut til produsentane reduserte ein heil del. Om eg samanliknar mine årsoppgjer med kva eg gjennom svineproduksjonen fekk inn på kontoen for nokre år sidan, manglar 300.000 kroner på oppgjeret i år. I tillegg kjem låg utbetaling grunna høg omsetningsavgift. Me får heller ingen forrenting av eigenkapitalen eller oppgjer i form av etterbetaling, fastslår han.

Feilvurderingar over tid

Røysland har vore til stades på eitt av kretsmøta som nyleg har blitt gjennomført i Nortura. Han meiner styret i for stor grad legg skulda på konsernsjefen, og meiner at langt fleire har sitt å svara for.

– Det var rett at konsernsjefen måtte gå. Men ut frå signalet frå kretsmøtet om at Nortura nå skal spara 150 – 200 millionar kroner i året på inntransport, er det nok eit teikn på at det har vore gjort alvorlege feilvurderingar bakover i tid, slike beløp dukkar ikkje opp frå ein dag til ein annan. Alt dette kan ikkje skuldast på ein person.

Olav Røysland

– Korleis har Nortura etter ditt syn kome opp i den vanskelege situasjonen?

Pengesluk

– Først og fremst handlar det om mange feilinvesteringar. Eit døme er Nortura sitt kjøp av Prima sitt anlegg i Kviamarka i Hå. Anlegget står på staden kvil i høve til då handelen fann stad i 2014. Norfersk og fjørfeanlegget på Herland, saman med IT-omlegginga til 6-800 millionar kroner, er andre døme på pengesluk. IT-selskapet SAP er ein stor og profesjonell aktør. Eg kan ikkje sjå anna enn at årsakene til tapa også her må vera ein følgje av svikt internt i Nortura, seier han.

– Kva er det som eventuelt er galt med Nortura. Er ikkje dette ein samvirkeorganisasjon slik landbruket vil ha han?

– Det kan verka som at konsernet tek for store risikoar. Det er snakk om enorme pengesummar som går tapt.

Kan gå konkurs

Røysland minner om at ein samvirkeorganisasjon kan gå konkurs.

– Swedish Meat gjekk konkurs. Dette samvirkeselskapet var dobbelt så stort som Nortura. Etter to påfølgjande år, kvart med eit tap på 500 millionar kroner, låg selskapet med brekt rygg.

– Fryktar du eit liknande scenario for Nortura?

– Om trenden med store tap held fram i åra som kjem, har ikkje Nortura ein sjanse. Du greier ikkje henta inn friske midlar. Sjå på Norvegian, dei går ut i marknaden og fyller på med frisk kapital. Nortura er eit samvirkeselskap og vil ha store problem med å henta inn ny eigenkapital.

Nytt styre og leiing

– Korleis kan Nortura koma på offensiven og byrja å tena pengar?

– Ei ny leiing må på plass. Den noverande Nortura-leiinga har vore med på fleire av dei feilslåtte avgjerslene som har vore dei siste åra. Det er naturleg at dei som har vore med på dette, vil freista å dekka over tidlegare feil som dei har vore ein del av. Nye styremedlemmar og ei ny leiing vil ikkje vera bundne til tidlegare vedtak på same måten.

– Meiner du med dette at også styret bør vurdera sin posisjon?

– Klart dei bør det. Tenk deg at Nortura hadde éin stor og dominerande eigar. Trur du denne eigaren ville sete og sett på denne situasjonen utan å ta affære?

Nortura sine økonomiske resultat betyr ikkje like mykje for alle medlemmane, i følgje Røysland. For bønder med mindre besetningar på til dømes sau, er tilskota meir berande enn utbetalingsprisen. For volumprodusentar med gris, kylling, egg og til ei viss grad storfekjøtproduksjon, er det annleis.

For lite engasjement

– Dermed etterlyser du større engasjement også blant Nortura sine eigarar med mindre produksjon?

– Ja, det er nett det eg gjer. Engasjementet blant desse er alt for lite. Om leiinga seier nokre velvalte ord på kretsmøta, slår alt for mange seg til ro med forklaringane.

– Fryktar du at anlegg kan bli lagde ned for at Nortura skal spare pengar?

– Tida for å engasjera seg i å behalda anlegg, er absolutt ikkje no. Dei anlegga me ikkje treng, er det berre å kvitta seg med, svarar han.

Røysland meiner matvarekjedene si styrking av eigne merkevarer og mindre sal av Gilde-merka kjøt, er ein trend som vanskeleg kan snuast.

– Det slaget var tapt då kjedene byrja med eigen distribusjon og me etter kvart mista Landbrukets ferskvaredistribusjon.

Ikkje eigne butikkar

– Er du ikkje litt for passiv nå?

– Nei, det handlar om kva som faktisk er mogleg å få til.

– Kva om landbruket byggjer sine eigne butikkar. Kva med å selja biff i FK-butikken?

– Det er ikkje mogleg i det heile. Den dagen me som amatørar byrjar å konkurrere med den svære daglegvaremarknaden på den måten, hiv dei oss ut, saman med dei aktørane som eventuelt hadde våga å samarbeida med oss. Butikkane våre ville vore konkurs innan ei veke.

 

Styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag:

– Nortura søv ikkje i timen

– Tala som Røysland bruker for å illustrera kva han skulle hatt av meirinntekt på kontoen, kan tyda på at han i for stor grad legg årsakene for dårlegare økonomi og ubalanse i marknaden for svinenæringa over på Nortura. At det ikkje er mogleg å ta ut målpris i svineproduksjonen, handlar ikkje om økonomien i Nortura, understrekar styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag, til Bondevennen.

– Men hadde Nortura vore i ein normal økonomisk situasjon, hadde kanskje produsentprisane vore på eit anna nivå?

– Nei, det er eg ikkje samd i. Det me har gjort i 2018 er å trimma Nortura for å betala ut det som er mogleg å henta i marknaden på dei ulike produkta. Men det skulle sjølvsagt vore betalt ut renter på kapital, vore rullering av medlemskapital og den type ting. At Nortura for tida ikkje greier dette, er det som smertar meg mest, seier ho.

Årsmøtet bestemmer

Når Røysland meiner at styret og leiinga bør vurdera sine stillingar, svarar Hasvang Vaag at styreleiar og nestleiar i Nortura er på val kvart år, medan styremedlemmane er på val annakvart år.

Trine Hasvang Vaag

– Det er årsmøtet som bestemmer, og valkomiteen som innstiller. Eg gjer mitt beste. Skulle ikkje det vera godt nok, må årsmøtet finne ny styreleiar. Det er slik det fungerer i Nortura, og det er det eg bekymrar meg minst for nett no.

Styreleiaren understrekar at styret føreheld seg til Nortura gjennom konsernsjefen. Styret kan tilsetja eller avsetja konsernsjefen, medan det er konsernsjefen som kan gjera endringar i toppleiinga under hennar eller hans nivå.

Om inntransport

Hasvang Vaag presiserer vidare at det til beløpet på 150-200 millionar kroner, som Røysland knyter til inntransport åleine, også høyrer innsparingar kring industristruktur og andre tiltak.

– Det er ikkje slik at me søv i timen. Ting er stadig i endring, også på inntransport. Nortura har jobba med å få på plass gode inntransportavtalar i fleire område gjennom lang tid, for å effektivisera og spara pengar. Det som er spesielt no, er at me ser på totaliteten i heile landet, og vurderer det opp mot nye krav til kjøre- og kviletid.

Ikkje konkurs

– Røysland knyt store risikoar, internsviktar og feilinvesteringar til Nortura. Kjenner du deg att i dei beskrivingane?

– Då Nortura gjekk «live» med det nye IT-systemet på Malvik, var risikoen for stor. Det er ein av årsakene til at konsernsjefen måtte gå.

– Kan Nortura gå konkurs?

– Det er ikkje noko som tyder på det i dag i det heile. Me tapte ikkje pengar, verken i fjor eller året før, så konkurs-ordet er i overkant i denne samanhengen.

Kan auka Gilde-salet

– Nortura er ein kompleks organisasjon. Er eigarengasjementet stort nok, og er Nortura flinke nok til å kursa eigarane?

– Nei, det er me ikkje. Undersøkingar synar at dei tillitsvalde er mindre nøgde med Nortura no, enn dei var tidlegare. Dette tar me skikkeleg på alvor. No arbeider me med å betra medlemsorganisasjonen for å auka engasjementet og gjera det lettare for eigarane å skjøna kva som skjer når det skjer. Det er heilt nødvendig.

Salet av Gilde-produkt gjekk ned i 2018. Det likar styreleiaren dårleg. Men ho er ikkje samd med Røysland i at trenden ikkje kan snuast.

– Det er heilt klart mogleg å auka salet. Me har ein stolt merkevare som forbrukarane har stor tillit og kjennskap til.

Stikkord denne saka: , , , , , , , , ,